Offisiell opning FUS Leikanger 15. september

Sogndal kommune, Sogn Næring og Opplev Leikanger inviterer til offisiell opning av FUS Leikanger onsdag 15. september klokka 11.30.

På Campus i Sogndal har Sogn Næring drive FUS på oppdrag for Sogndal kommune sidan 2017. Her er oppstartsverksemder, etablerte verksemder, prosjektsamarbeid, offentlege verksemder og akademia etablert i eit arbeidsfellesskap tett på eit samla verkemiddelapparat for næringsutvikling.

I Leikanger har Leikanger næringshage hatt aktivitet i Bankbygget i over 20 år. Her har næringsliv og kommune lagt til rette for etablering og utvikling av verksemder gjennom å levere viktig infrastruktur og kompetanse.

Sidan etableringa av Sogndal kommune både kommune og Sogn Næring jobba etter mandat frå fellesnemnda:

Det skal etablerast ein samanhengande struktur for utviklingsmiljø i heile den nye kommunen, med utgangspunkt i FUS på Campus, Skaparstova i Balestrand, Vitensenteret på Kaupanger og Leikanger Næringshage

15. september er det klart for snorklypping i Leikanger og DU er invitert. Du møter representantar frå næringsliv, offentlege verksemder, byggeigar, kommune og næringsapparat. Du får høyre historia om Leikanger næringshage og om planane og ambisjonane med arbeidsfellesskap i Sogn framover før ordførar Arnstein Menes står for den offisielle opninga.

Og sjølvsagt vert det kaffi og frukt. Velkommen!

Seinare i haust vert FUS-strukturen utvida med arbeidsfellesskap i Vitemeir. Det er eit mål å realisere satsinga i Balestrand i 2022, og Sogn Næring er involvert i utvikling av arbeidsfellesskap i både Vik og Lærdal.

FUS: Substantiv, Uttrykk som vert nytta mellom vener/søsken for å erklære førsterett til noko, den som er førstemann.

arrangement, aktueltGuest User