Beskjeden var klar - vi må få opp farta!

 

På scena på Innovasjonsdagen Sogn, stod mellom anna Silvija Seres og Odd Gurvin. Dei brukte same bilde for å beskrive nordmenn og norsk næringsliv. Vi er big, fat and happy. Vi må opp i fart og det må skje no!

Ein fullsatt sal fekk høyre Silvija Seres fortelje om digitalisering som vekstmotor og hennar draum om at norsk næringsliv får opp farta. Ho fortalde og om då ho arbeida i Silicon Valley og åt lunsj med “googlerne”, og gav dei klar beskjed om sin manglande tru på Google sin forretningsmodell - mykje har altså skjedd på dei 20 åra. Tema, bodskapet og formidlinga var god og eit nøgd publikum let vel etter dagens første innleiar gjekk av scena.

Silvija har ein eigen evne til å inspirere og engasjerer oss i fag som vi ikkje har fagkunnskap om
— Astri Knutsen, Gasta

Etter ein kort pause fekk vi høyre om reisa til Norse Feedback, eit selskap som opplev stor vekst i ein krevjande bransje. Vidare fortalde Odd Gurvin frå Norwegian Cognitive Center om potensialet som ligg i dataen vår og korleis vi kan bruke den for å skape nye forretningsområder og konkurransefortrinn ved bruk av KI.

Sjølv med endringar i siste liten, gjekk programposten med Tibber som smurt. Børge Dvergsdal steppa inn på kort varsel og tok over salen, remote frå Førde. Det er ikkje tvil om kva dei bygger sin suksess på - her er det kunden som er i fokus!

Programmet vart svært godt, eit trekkplaster i seg sjølv. I tillegg er det ein god arena for å bygge nettverk.
— Tre kara frå Digdir

Siste kvinne på scena var fjorårets vinnar av Fjellpitch, Heidi Aabrekk. Ho tok oss med på si reise det siste året, og fortalde om korleis ho arbeida for å nå sin berekraftsvisjon.

Eg fekk tåre i augene av Heidi sin presentasjon. Eit personleg engasjement ein skal leite lenge etter.
— Deltakar

Med gode attendemeldingane er arrangementskomiteen allereie i gang med å planlegge neste års Innovasjonsdag!

Takk til alle de som stilte opp i år og velkommen attende til neste år!

Og du, kom gjerne med innspel om tema eller innleiarar.