Luster og Sogndal vil ha innspel frå DEG

Korleis kan me bli attraktive og klimavenlege kommunar? No kan du melde deg som vert for gjestebod.

Luster kommune og Sogndal kommune vil høyre frå innbyggjarar og arbeidsplassar korleis me kan bli endå meir attraktive og klimavenlege kommunar.

Som vert for eit gjestebod skal du invitere ein valfri gruppe deltakarar (vener, familie, kollegaer etc.) til ein samtale om temaet. Det treng ikkje ta meir tid enn ein lunsjpause. Etter gjennomført gjestebod sender du innspela til kommunane. Dei vil bruke innspela til å lage ein strategi for bustad, arbeid, klima og transport som Luster kommune og Sogndal kommune samarbeider om.

Høyrast dette spanande ut? Då kan du melde seg som gjestebodvert i denne lenka

aktueltGuest User