Best i Sogn

Saman med Sognefjorden Næringshage inviterer vi lesarane av Sogn Avis til å kåre årets bedrift, årets gründer og årets produkt i Sogn. Prisane vert delte ut i samband med Næringskonferansen i Flåm 20. oktober.

Sogn Avis ber no lesarane sine spele inn forslag til kandidatar. Ein jury vil deretter nominere kandidatar i dei tre kategoriane som avisa sine lesarar kan stemme fram.

I juryen sit:

  • Cecilie Skogheim, Cecilie og Christian

  • Helene Maristuen, Lærdal Næringssamskipnad / Høgskulen på Vestlandet

  • Håvard Nesbø, Visit Sognefjord

  • Kjetil Hovland, Digital Etikett

  • Ragnhild Skahjem Tofastrud, Sognefjorden Næringshage

  • Trine Grøttebø, Årdal Utvikling

Ta gjerne kontakt med jurymedlemmane om du har gode innspel, eller bruk denne lenka til Sogn Avis.

aktueltGuest User