Bli knallgod på rekruttering!

Saman med PwC og Framtidsfylket inviterer vi til kurs i rekrutteringsstrategi. På kurset vil du få konkrete råd og tips om korleis di bedrift kan gjere seg så attraktiv som mogleg på jobbmarknaden. Målet er at kandidatane skal stå i kø for å jobbe hos akkurat deg.

God stemning i Highsoft. Enkle grep som bilde av kollegaer som har det kjekt saman, kan bidra til høgare søkartal på stillingar. Foto: Photoevent

Kursdato: 20. september 2021
Stad: Campus Sogndal
Tid: 10.00 – 14.00
Pris: 1.700,- kr per deltakar.

Det blir servert enkel lunsj

I løpet av kurset skal vi fokusere på bedriftene sin eigen rekrutteringsstrategi, og finne svar på:

  • Kva kompetanse det er behov for?

  • Kva fokus bedrifta har med tanke på kort – eller langsiktig rekruttering?

  • Når og korleis skal ein annonsere?

  • Korleis ein tek imot, tek vare på, og takkar av dei tilsette?

  • Kva rekrutteringsstrategien har å seie for bedrifta sitt omdømme på arbeidsmarknaden?

Kurset vil også svare på kvifor målretta kommunikasjon mot jobbkandidatar er like viktig som kommunikasjon mot kundane:

  • Kva er rekrutteringskommunikasjon?

  • Kva mål har vi med ulike rekrutteringstiltak?

  • Kva tiltak har bedrifta i dag?

  • Kva målgrupper rettar vi oss mot?

  • I kva kanalar bør vi vere for å nå dei rette jobbkandidatane?

Gunn Merete Paulsen og Silje Guddal frå PwC leiar kursa. I lag med innspel og erfaring frå deltakarar, næringsliv og Framtidsfylket vil vi styrke dykkar kompetanse innan rekruttering.

Spørsmål? Ikkje nøl med å ta kontakt med Linda:

Telefon: 99 01 78 52
E-post: linda@framtidsfylket

———————————

PwC er ein av Norge sine mest attraktive arbeidsgjevarar. Selskapet leverer tenester innan eit breitt spekter og rekrutterer årleg mange nye medarbeidarar innan fagområde som jus, rekneskap, revisjon og rådgjeving. I Sogn og Fjordane er PwC lokalt forankra i heile fylket med sju ulike kontorstadar.

Gunn Merete er advokat og partner i PwC. Ho har mange års erfaring med å jobbe med rekruttering gjennom ulike leiarroller og har eit stort engasjement for samanhengen mellom omdømme og rekruttering.

Silje Guddal er rådgjevar i PwC og jobbar strategi og utvikling av små og mellomstore bedrifter samt offentleg sektor. Silje har ansvar for markedskommunikasjonen til PwC i Nordvest og har bakgrunn som reporter og programleiar i NRK.