Lunsj med påfyll: Highsoft, frå Vik til verda

Blix Hotel torsdag 16. september klokka 11:30

Highsoft leverer verktøy til utviklarar som vil presentere grafikk i form av diagram på nett. 80 prosent av dei 100 største selskapa i verda er på kundelista saman med ei rekke andre spennande verksemder. Men kva er eigentleg produktet til Highsoft, kva fordelar ligg i å vere lokalisert i Vik og korleis ser framtida ut? Du møter representantar for selskapet med CEO Grethe Hjetland i spissen på Blix Hotel.

————————————————

Saman med Vik Næringssamskipnad ønskjer Sogn Næring å skape ein lågterskel møteplass for næringslivet i kommunen. Vi inviterer deg til å ta med matpakka og spise lunsj saman med oss. Vi byr på kaffi og te, og inviterte gjester som deler ei historie, ein idé, eit prosjekt, kunnskapen eller draumen sin med oss.

Frå klokka 11.30 er kaffien klar og arrangementet er gratis og opent for alle med godt humør. På Blix Hotell er lunsjbuffeten dekka frå 11.15, og du får deg ein god lunsj for 100,- kr om du ønskjer det.

Vi i Sogn Næring er sjølvsagt til stades både før og etter arrangementet om det er bedrifter eller eldsjeler som vil prate med oss. Gjer gjerne ein avtale i forkant, eller ta kontakt med oss under arrangementet.

arrangementGuest User