Lunsj med påfyll: Wyssen Avalanche Control

2. etasje Innovasjonsbygget, Campus Sogndal, onsdag 20. oktober klokka 11:30

Sveitsiske Wyssen Avalanche Control leverer løysingar for skredsikring. Den norske avdelinga har nettopp flytta ut frå arbeidsfellesskapet FUS til nye lokaler på Campus Sogndal. Du møter leiar for Wyssen Norge, Stian Langeland.

————————————————

Sogn Næring ønskjer å skape ein lågterskel møteplass for næringslivet i kommunen. Vi inviterer deg til å ta med matpakka og spise lunsj saman med oss. Vi byr på kaffi og te, og inviterte gjester som deler ei historie, ein idé, eit prosjekt, kunnskapen eller draumen sin med oss.

Frå klokka 11.30 er kaffien klar og arrangementet er gratis og opent for alle med godt humør.

Vi i Sogn Næring er sjølvsagt til stades både før og etter arrangementet om det er bedrifter eller eldsjeler som vil prate med oss. Gjer gjerne ein avtale i forkant, eller ta kontakt med oss under arrangementet.

arrangementGuest User