Bli betre på sosiale medium

Sogn Næring og Sognefjorden Næringshage tilbyr kurs i sosiale medium.

Dette er kurset som er utsett frå i vinter. som no vert lyst ut med nye tidspunkt.

Det faglege innhaldet vert levert av Gasta design og kommunikasjon. Vi har vald å dele kursa inn i to nivå, for å favne om alle, og det første kurset tilbyr vi i september:

  • 6. september klokka 18:00 i Vik

  • 7. september klokka 18:00 i Sogndal

  • 15. september klokka 18:00 i Lærdal/Aurland

Nivå 1: Innføring og smarte tips

Kven er kurset for?

Deg som ønskjer å bli meir trygg på sosiale medium, i hovudsak Facebook og Instagram. Bedrifta di er gjerne til stades i ulike kanalar, men treng hjelp til å posisjonere seg og utnytte potensialet betre.

Kva kan du forvente?

2,5 timar med føredrag og open diskusjon. Vi ønskjer å hjelpe deg på best mogleg måte, så ta gjerne med spørsmål til kurset, så ser vi på det i fellesskap.

Kva kjem du til å lære?

  • Kva er poenget med sosiale medium for bedrifter?

  • Kva kanaler er aktuelle og kor finn du dine målgrupper?

  • Korleis nyttar du sosiale medium på ein smartare måte?

  • Korleis kommuniserer du betre? Litt om innhald og historieforteljing

  • Korleis skapa engasjement og bygge relasjonar?

  • Litt om annonsering og analyse

  • Praktiske tips

Arrangørane tek størstedelen av kostnad til kurset. Deltakar betalar berre 500,- kr. Frist for påmelding er 1. september og du melder deg på her.