No kan vi endeleg møtast igjen

No kan vi endeleg møtast igjen. Vi har store ambisjonar for både kurs, frukostmøte, lunsjsamlingar og andre arrangement og planlegg opptrapping av arrangementsaktiviteten i haust.

Vi startar i veke 34 med kurs i bruk av sosiale medium på 3 ulike plassar i Sogn. Veke 34 er Innovasjonsveke i Vestland og vi satsar stor med Fjellpitch, offisiell opning av arbeidsfellesskapet FUS Leikanger og det velkjende konseptet vårt “Lunsj med påfyll” både i Vik og på Campus i Sogndal.

Førebels ser arrangementskalendaren vår i september slik ut:

06.09.2021 18:00 Kurs: Bli betre på sosiale medium, Blix Hotel, Vik
07.09.2021 18:00 Kurs: Bli betre på sosiale medium, Campus Sogndal
14.09.2021 09:00 Fjellpitch, Quality Hotel Sogndal
15.09.2021 11:30 Offisiell opning FUS Leikanger
15.09.2021 11:30 Lunsj med påfyll: Wyssen Avalanche Control, FUS Sogndal
15.09.2021 18:00 Kurs: Bli betre på sosiale medium, Lærdal/Aurland
16.09.2021 11:30 Lunsj med påfyll, Blix Hotel, Vik
20.09.2021 09:00 Kurs i rekrutteringsstrategi, Campus Sogndal
23.09.2021 11:30 Lunsj med påfyll, Balestrand
29.09.2021 11:30 Lunsj med påfyll, FUS Sogndal
30.09.2021 11:30 Lunsj med påfyll, FUS Leikanger

Vi tek atterhald om endringar. Meir informasjon om dei ulike arrangementa vil du finne på på nettsidene våre og Facebooksida vår når arrangementet nærmar seg.

Alle Sogn Næring sine arrangement vert gjennomført etter gjeldande råd om smittevern.

Her kan du abonnere på alle arrangementa våre til din kalender. Kalenderen vert oppdatert fortløpande.