Innovative ungdomsskuleelevar frå Kaupanger til Oslo!

NHOs Kompetansebarometer frå 2021 viser at medlemsbedriftene deira manglar omlag 10 000 nytilsette med ingeniør og teknisk fagkompetanse. Behovet for å auke interessa for realfag og teknologi blant barn og unge er difor stort, noko verdas største kunnskaps- og teknologikonkurransen First Lego Leauge har som mål. Nyleg har det vore regional finale i konkurransen her i Sogn, der klasse 9A frå Kaupanger Skule gjekk av med den gjeve sigeren. Med siger i klassen er dei kvalifisert til den skandinaviske finalen som blir arrangert i Oslo i morgon, laurdag 3.desember.

Klassen har gjennom hausten bygd og programmert sin eigen LEGO-robot, samtidig som dei har arbeida med å finne innovative løysingar som kan forbetre energireisen. Idéen om korleis ein betre kan utnytte varmtvatnet som kjem frå dusjen som oppvarmingskjelde gav dei også førstepremien på innovasjon under den regionale finalen. Kjerneverdiar som inkludering og samarbeid har vore sentrale gjennom alt arbeidet, og elevane skildra det som både gøy og lærerikt med ein annleis skulekvardag, som for nokon hadde gitt meirsmak til å utforske teknologi vidare.

For oss i Sogn Næring, som dagleg jobbar med utvikling og innovasjon, var det ei glede å besøke klassen for å sjå kva dei har jobba med og få eit innblikk i førebuingane til den store finalen i Oslo. Vi ynsker dei masse lykke til i finalen, og gler oss over å sjå all skaparlysten som finnast blant unge sogningar!

aktueltBirgitte Karlstrøm