Første samling- Sogn Opportunity

Takk for ein utruleg hyggeleg kveld!

Foto: Conohar Scott

Endeleg hadde vi vår første samling med Sogn Opportunity kull 26/27. Sjølve programmet med fagsamlingar, møte mellom deltakarar og mentorar og norskkurs startar ikkje før etter sommaren, men vi ønskte likevel å samle alle involverte til ein hyggeleg kveld på denne sida av ferien.

Sjølve kjernen i Sogn Opportunity er at alle fortener å finne sin plass i regionen, og vi synest derfor det passa godt å samlast på Ølmheim Siderhage som verkeleg treff Sognaidentiteten. Målet med kvelden var å bli betre kjende og kjenne at ein gler seg til oppstart i august.

Og for ein flott kveld det vart! God stemning, gode samtalar, nye bekjentskap og fantastisk god mat og drikke.

Foto: Conohar Scott

“For meg var dette ei oppleving av ekte hygge og fellesskap. Enkle råvarer vart forvandla til noko raffinert og vakkert. Det var som å få eit lite innblikk i sjølve sjela til Noreg – ei verdsetjing av kvalitet, natur, tradisjonar og dei små detaljane som gjer livet rikt.” - Kataryna, deltakar kull 26/27

No ser vi i Sogn Næring verkeleg fram til å starte programmet i august, saman med deltakarane, mentorane og Sogndal Opplæringssenter. Her er det berre å følgje med, vi gler oss til å dele spennande og fine oppdateringar undervegs.

Neste
Neste

Sogn næring bygger regional utviklingskraft