Sogn Opportunity - kull 26/27

Sogn Opportunity er eit ett-årig mentorprogram som går frå juni til juni. Søknaden for Kull 26/27 er no stengt.

Målet med programmet er å styrke innvandrar i Sogn sin moglegheit til å få ein relevant jobb i tråd med sin utdanning og erfaring. Saman med mentorar frå offentleg- og privat næringsliv skal vi forsøke å opne dører som ellers forblir lukka.

Som deltakar får du:

  • 6 fagsamlinger med relevante temaer kring det å vere ein atteraktiv jobbkandidat i Noreg

  • Ein mentor frå Sogn

  • Eit sosialt nettverk med andre deltakarar

  • Nytt i år: Integrert norskkurs (eigenandel kun 500 kr)

I tillegg til å skape fleire rollemodellar med innvandrarbakgrunn i regionen, vil vi gjennom Sogn Opportunity sikre at regionen får tilgong på rett kompetanse i framtida.

Mentorprogrammet har vore gjennomført ein gong før med kullet 24/25 i regi av Sogn for alle.

Sogn Opportunity gav meg nytt perspektiv, starkare nettverk, masse kunnskap, tru i meg sjølv, og tryggleik til å sikte høgare.
— Jolanta Chodareva, deltakar 24/25
Mentornordninga i Sogn Opportunity er meir enn ein arena for erfaringsdeling. Det er ein plass der vi kan skape noko nytt saman. Etableringa av Interkulturelt senter er eit konkret døme på korleis ulik kompetanse, bakgrunn og erfaring kan smelte saman til ein felles gode for lokalsamfunnet. 
— Irina Pavlova, Mentor 24/45

Menteekriterier

  • Ambisjon om å ta sentral posisjon i arbeidsliv og samfunn i Sogn

  • Fleirkulturell bakgrunn

  • Har høgare utddaning eller fagbrev

  • Språknivå: A2

Mentorkriterier

  • Aktiv posisjon i offentleg - eller privat næringsliv

  • Har eit større nettverk

  • Bransjekunnskap

  • Motivasjon

Synes du det høyres spennande ut å vere mentor i Sogn Opportunity? Ta kontakt med Ida for ein uforpliktande prat.