Sogn næring bygger regional utviklingskraft

Styret i Sogn Næring har vedteke at selskapet skal utviklast til det regionale næringsapparatet for Sogn, med privat aksjemajoritet og kommunane som langsiktige eigarar med 30 prosent eigarskap. Med denne beslutningen vil vi bygge eit sterkare, samla og meir handlekraftig utviklingsselskap for heile regionen.

Ei regional utviklingskraft for heile Sogn

Sogn Næring har heilt sidan etableringa hatt ein ambisjon om å jobbe for heile regionen. Dei siste åra har selskapet teke ei stadig større regional rolle gjennom prosjekt, nettverk og satsingar på tvers av kommunegrenser og næringar.

Selskapet arbeider i dag mellom anna med:

  • bedriftsutvikling og gründerskap

  • rekruttering og profilering av regionen

  • utviklingsprosjekt

  • Lokal mat og drikke

  • nettverk og møteplassar

  • samarbeid mellom næringsliv, kommunar og akademia

  • regionale satsingar innan innovasjon og verdiskaping

No skal eigarstrukturen spegle både nedslagsfeltet og visjonen til selskapet.

Med ny eigarstruktur vil vi samle utviklingskraft i regionen i eitt miljø, som skal få ting til å skje raskare og enda tettare på næringslivet.

Vil kople næringslivet tettare på utviklinga av regionen

Framtidas næringsutvikling krev tettare samarbeid mellom næringsliv, kommunar, investorar, kompetansemiljø og gründarar. Privat næringsliv blir difor invitert med som eigarar i selskapet. Samtidig skal kommunane framleis vere ein viktig og langsiktig eigar i selskapet. Denne modellen sikrar både regional forankring og sterkare kraft frå næringslivet.

Bli med på å få ting til å skje i Sogn!

Sogn Næring opplever stor interesse frå bedrifter i heile regionen som ønskjer å vere med å utvikle selskapet vidare som regional utviklingsaktør og vi er allereie i dialog med fleire aktørar som ser verdien av å samle meir av utviklingskrafta i Sogn i eitt sterkt regionalt miljø.

Ta kontakt med oss om du vil vere med på å få ting til å skje i Sogn!

Neste
Neste

Sognasmart 2026