Entreprenørskapsmessa 2026- Årdal
Vi i Sogn Næring jobbar med å leggje til rette for at fleire ynskjer å starte ei bedrift i Sogn. Derfor synest vi det er utruleg kjekt å sjå alle dei unge, kreative og engasjerte elevane ved niande trinn ved skulane i regionen vår.
Kvart år arrangerer Ungt Entreprenørskap flotte regionmeisterskap, der dei beste elevbedriftene får syne bedrifta si på stand for heile åttande trinn i Sogn, samt ein jury som har i oppgåve å kåre ein vinnar i fleire kategoriar. Vi har vore med som jurymedlem i fleire år, og i år var Årdal kommune vertskap. Dagen blei flott, med god stemning, flinke elevar, gode idéar og spennande bedrifter på stand. Flott gjennomført av UE!
Juryen delte ut følgjande prisar:
Årets elevbedrift: Fuglevennane EB frå Lærdalsøyri skule, som har produsert eit breitt spekter av miljøvenlege og kundetilpassa fuglekassar
Berekraftsprisen: Planteull EB frå Sagatun skule, som sel ull til bruk i hagen som markdekke
Beste nærmiljø/ lokalsamfunnsprosjekt: Rytmix EB frå Kaupanger skule, som har laga eit tilbod om musikkopplæring for yngre elevar
Beste produkt: Lampestjernene EB frå Tangen skule, som har produsert eigne lampeskjermar i samarbeid med Sogn Vekst
Beste stand: Sognajus frå Ylvisåker EB frå Kvåle skule, som lagar økologisk eplejus
Beste salsbedrift: Vikjaveska EB frå Flatbygdi skule, som syr handlenett med "bygdeidentitet"
Beste videopitch: SweetBites EB frå Luster ungdomsskule, som lagar søte bitar og bakst
Bildene er tatt av Ungt Enreprenøskap: