Velkommen til Catarina og Jeppe!
I år har vi fått to nye kollegaer med på laget i Sogn Næring. Catarina starta i januar, og no i mars har også Jeppe kome på plass. Bli betre kjend med dei her!
Hils på Catarina Batista!
Catarina er opphavleg frå Portugal. Ho jobbar som innovasjonsrettleiar og koordinator, og har bakgrunn i produkt- og tenesteinnovasjon og psykologi. Ho har brukt store delar av karrieren på å utvikle læringsopplegg innan innovasjon, der ho rettleier studentar og koplar prosjekt saman med relevante aktørar i ulike innovasjonsmiljø. Med mellom anna bakgrunn i frå IdeaSquare ved CERN.
– Opphavleg vurderte eg å flytte til Sogndal av personlege grunnar. Så dukka stillinga eg har no opp, og plutseleg fall alt på plass. Rett stad, rett tid og rett jobb!
Catarina flytta til Sogndal for berre to månader sidan, og er framleis i gang med å bli kjend med staden.
– Så langt er morgonisbada mine i fjorden eit av høgdepunkta. Ein dag såg eg til og med sel der ute!
På spørsmål om kva fagområde i Sogn Næring ho synest er mest spennande svarer ho at ho kanskje er litt innhabil, sidan ho brenn mest for entreprenørskap, innovasjon og regional utvikling. Ho peikar samstundes på at satsingsområda i Sogn Næring heng tett saman.
– Det som gjer det ekstra spennande er teamet vårt. Vi er ulike og har kvar vår kompetanse, men også mange ulike interesser og nettverk. Det gjer samarbeidet både inspirerande og lærerikt.
– Eg gler meg til å sjå korleis prosjekta vi jobbar med vil utvikle seg, til dømes arbeidet med eit felles fond for lokale gründerar og planlegginga av Sognasmart.
Ho trekkjer også fram arbeidet i Vik som noko ho ser fram til å utvikle vidare.
– Framfor alt opplever eg mykje tillit og fridom frå teamet. Eg håpar å bruke det på best mogleg måte og bidra til å gjere ein forskjell i regionen.
Hils på Jeppe Aagaard Jeppesen!
Jeppe kjem frå Danmark og har budd i Sogn dei siste tre åra. Han er utdanna retorikar og statsvitar, og har jobba som konsulent og rådgivar innan kommunikasjon i både privat og offentleg sektor. Dei siste åra har han særleg arbeidd med profilering, omdømme og strategisk kommunikasjon.
– Eg flytta til Sogn for kjærleiken.
På fritida har han blitt glad i å vere ute i naturen.
– Eg har lært å elske ski i bakken, spesielt utanfor løypene saman med barna.
Han trekkjer også fram energien i regionen som noko av det som gjer Sogn til ein fin stad å bu.
– Eg er veldig glad i energien i Sogn. Det er ein skapartrong og ein «vi får det til»-haldning som smittar og inspirerer.
Når det gjeld arbeidet i Sogn Næring, er det særleg breidda i arbeidet som motiverer han.
– Eg likar at Sogn Næring hjelper folk som vil få noko til. For meg er det nettopp denne heilskapen som er spennande, å få bidra til utvikling, samarbeid og nye moglegheiter i regionen.
På spørsmål om kva han ser fram til å jobbe med i Sogn Næring trekkar han fram at han gleder seg til å bidra med å løfte fram Sogn som ein felles merkevare.
– Eg trur det ligg eit stort potensial i å framsnakke Sogn samla, fordi vi saman har ei heilt unik pakke.
Samtidig meiner han at ei sterk felles forteljing kan styrkje dei lokale identitetane. – Ein sterk felles profil skal ikkje erstatte identiteten til kommunane og bygdene, men forsterke dei. Når vi står saman om forteljinga om Sogn, blir vi tydelegare, meir synlege og meir attraktive.