Fjellpitch 2026
Saman med Kunnskapsparken Vestland og HVL Skape har vi no gjennomført nok ein runde med Fjellpitch, og ser oss svært nøgde!
Kort oppsummert: flinke deltakarar med gode idéar og pitcher, flotte premiar frå viktige sponorar, kompetent og ivrig jury og eit godt oppmøte blant publikum.
Foto: Henrik Skyttermoen
Sju deltakarar stod på scena, der dei hadde seks minuttar til å overtyde juryen om at deira idé fortjente ein førsteplass. I år hadde vi ein stor variasjon av idéar. Alt i frå lokale tilbod som å lage sine eigne ski og ein kulturell hub, til eit system for enklare håndtering av fakturaer, digital plattform til å samle og synleggjere kva som skjer på bygda, app til hjelp for frukt - og bærbønder, fotografi- retreats og app for ein oversikt over stiforhold.
Årets premiar:
plass: 40.000 kr frå Sparebanken Norge, Rettleiing frå Aider til ein verdi av 10.000 kr, rettleiing frå Dreng Studio til ein verdi av 5000 kr
plass: 10.000 kr frå Sparebanken Norge
Studentprisen: 10.000 kr frå HVL Skape
Pitcharane holdt alle gode presentasjonar, og juryen hadde ein svært vanskeleg oppgåve foran seg. Til slutt var det Jørgen Farnes som blei kåra til “årets pitcher” og stakk av med ein svært god premie for vegen vidare. Jørgen har sjølv utvikla appen han har kalt Mud Map, der han ønskjer å gi kunden eit oversyn over stiforholda ut i frå korleis været har vore den siste tida og værmeldingane framover. Vi vart alle imponerte over alt Jørgen allereie har fått til, og gler oss til å følgja utviklinga av idéen.
Vi ønskjer å rette ein STOR takk til sponsorane til Fjellpitch 2026! Spesielt til vår hovudsponsor, Sparebanken Norge, som gjer det mogleg å gjennomføre slike arrangement. Vi set og stor pris at Aider og Dreng vel å bidra som sponsorar inn på premiesida, med svært relevant rettleiing i ein oppstartsfase.
Fjellpitch blir arrangert årleg fordi vi ønskjer å gje innbyggarane i Sogn ein plass til å fortelja ideen sin, med moglegheita til å få god finansiell hjelp i oppstarten. Under årets Fjellpitch fekk vi og høyre Lars Røyrhus sin historie med selskapet Byteform. Han var deltakar i 2023, vann ikkje noko premie, men det at han var med på konkurransen gjorde at hjula på gründerreisa begynte å rulle. Vi håpar fleire tek inspirasjon av dette, og meld seg på neste pitchemoglegheit!
Årets jury: f.v: Stig Øve Ølmheim, Are Njøsen, Kjetil Kvåle, Trine Smukkestad Lavik, Karoline Søvik Myklebust. Foto: Henrik Skyttermoen
Jørgen Farnes får utdelt premien for 1. plass av ordførar Stig Ove Ølmheim (t.v.) og Are Njøsen i Sparebanken Norge (t.h.). Foto: Henrik Skyttermoen