Sognafest 2026

Sognafest 2026 – drive av samarbeid, stoltheit og ildsjeler

Sognafest 2026 vart ein strålande kveld, fylt av energi, gode møte og ekte feiring av det Sogn har å by på. Men bak festen ligg det mykje meir enn ein vellukka kveld. Sognafest er resultatet av samarbeid, dugnadsånd og eit felles ønskje om å skape noko i lag.

Sognafest er drive fram av Sognaklynga, beståande av eldsjeler som jobbar ilag, ikkje fordi dei må, men fordi dei vil. Denne fellesskapen er ei drivkraft som igjen skapar rammene for arrangementet, og som gjer det mogleg å få til noko større enn ein klarer åleine.

Tru på lokale krefter, vilje til å samarbeide og evna til å gjere idé til handling.

Det er mange detaljer som skal på plass for eit slikt arrangement, og blant desse detaljane ønskjer vi å løfte fram spesielt prosessen bak premien til prisvinnarane, sjølve pokalen. Korleis det som starta som ein enkel idé, vart faktisk gjennomført i praksis. Eit ønske om å lage ein ekstraordinær premie førte til eit samarbeid med Daco Mekaniske, Drageboden, A1 Reklame og Hydro. Og resultatet? Ein heilt unik premie laget med og av kun lokale ressursar. Prosessen speglar mykje av kjernen i Sognafest og til Sognaklynga, tru på lokale krefter, vilje til å samarbeide og evna til å gjere idé til handling.

Inntrykket frå sjølve kvelden er tydeleg, dette var ein suksess. God lokal mat, høg stemning og sterke augneblinkar prega heile arrangementet. Henrik trekker fram at eitt av høgdepunkta hans vart då banksjefen i Sogn Sparebank vart spylt ned av sider, eit augneblink som både løyste latteren og senka skuldrene i salen. Og for ikkje å gløyme, når Sogn frukt og siderlaug rett i forkant fekk ståande applaus av heile salen under tildelinga av årets ærespris.

Lokal mat og drikke stod sterkt gjennom heile kvelden. Med fleire siderprodusentar, tre vinprodusentar og ei brei variasjon i uttrykk, fekk publikum oppleve mangfaldet i lokal drikkeproduksjon i Sogn. Dette, saman med mat basert på lokale råvarer, gjorde Sognafest til ei heilskapleg oppleving.

Kvardagsheltane

Arrangementet handlar jo nettopp om å heidre Sogningar. Nominasjonane og prisane har eit tydeleg formål, å løfte fram kvardagsheltane. Dei som kvar dag bidreg til å drive samfunnet framover, ofte utan å rope høgast. Å setje lys på desse er ein viktig del av Sognafest, og noko publikum viser stor engasjement for.

Samarbeid er nøkkelen til suksess

Etter suksessen i fjor var ønskje å vidareføre og utvikle Sognafest vidare. Med årets gjennomføring er det tydeleg at samarbeid framleis er nøkkelen til suksess, og vil vere det også i åra som kjem.

No vender vi saman med Sognaklynga blikket framover, med nye ambisjonar og neste møteplass allereie i sikte, Sognasmart 2026 - 20. mai - Quality Hotel Sogndal. Arbeidet held fram, saman.

- Line og Henrik

Neste
Neste

No er søknaden open: Sogn Opportunity kull 26/27