Karrieremessa Bergen 2026

Sogn viste seg fram på Karrieremessa Ta Steget i Bergen

Tysdag 11. februar gjekk Karrieremessa Ta Steget 2026 av stabelen i Grieghallen, og samla studentar og jobbsøkarar frå heile Vestland. Målet med messa er å gi unge eit betre bilete av kva moglegheiter som finst i fylket, og å knyte direkte kontakt mellom arbeidsgivarar og framtidige medarbeidarar.

Med ny logo og ny merkevare for Sogn reiste vi samla til Bergen for å presentere regionen på best mogleg måte. For oss var dette ei gyllen anledning til å vise fram både arbeidsplassane og livet i Sogn, og ikkje minst stoltheita vi kjenner for plassen vi bur på. På standen vår representerte vi kommunale arbeidsplassar frå alle dei seks kommunane i Sogn, samstundes som vi løfta fram kor attraktiv regionen er å bu og leve i. Her finst det spennande og mange moglegheiter innan statlege og fylkeskommunale jobbar, og eit mangfaldig privat næringsliv.

Ein stor takk til kommunane for at de stilte med gode ambassadørar for livet i Sogn. Tuva frå Lærdal, fysioterapeut i kommunen, Regina frå Aurland, lærar, og Ida frå Sogndal, som jobbar i administrasjonen, gjorde alle ein framifrå jobb på standen. Engasjementet deira, og den ekte gleda dei formidla for å bu og jobbe i Sogn, gjorde dei til perfekte ambassadørar for regionen. Vi i Sogn Næring er djupt imponerte, og svært takksame for innsatsen deira.

Vi fekk òg besøk av fylkesordførar Jon Askeland, som uttrykte stor begeistring for Sogn som region. Han var spesielt imponert over å møte unge, engasjerte folk som snakka så varmt og truverdig om heimstaden sin.

I lag med oss på Sognagata stod fleire andre verksemder frå regionen, noko som gjorde det enkelt å sende studentar vidare til rett arbeidsgivar, også utanfor dei kommunale arbeidsplassane. Erfaringa frå Karrieremessa viser kor viktig det er å vere synleg i eit stort fylke, og at rekruttering er eit langsiktig arbeid som krev både samarbeid og kontinuerleg innsats.

Vi håpar å samle endå fleire aktørar frå Sogn til liknande arrangement i framtida, og bli endå meir synlege der framtidas arbeidskraft er.

Neste
Neste

Sognafest 2026