Reiselivet i Vik veks vidare

Reiselivsaktørane i Vik kan sjå tilbake på ein sterk sesong i 2025. Under evalueringsmøtet samla Vik Næringssamskipnad, i samarbeid med Sylvringen AS, sentrale aktørar frå heile verdikjeda for å oppsummere året og rette blikket mot 2026.

Fleire gjester og auka omsetning

Blix hotell hadde ein auke på 5 prosent i tal gjester og 10 prosent i omsetning i 2025. Hotellet, som held ope heile året, merkar særleg vekst i skulder- og vintersesong. Næringslivet lokalt er ein viktig føresetnad for heilårsdrift, og hotellet melder også om fleire gjester frå Australia.

På Djuvik Camping vart det registrert 7 700 gjestedøgn i 2025. Hyttene har hatt godt belegg, og fleire gjester, særleg frå Tyskland, bur over lengre periodar. Campingplassen planlegg nye hytter for å møte etterspurnaden.

Serveringsaktørane rapporterer om god utvikling gjennom sesongen, med særleg høg aktivitet i juli og august og auka trafikk ved cruiseanløp.

Sterk vekst i opplevingar og guiding

Vik Adventure leverte eit svært godt år, med om lag 2 450 gjester, opp frå rundt 1 800 året før. Omsetninga auka med 56 prosent totalt, og heile 64 prosent på RIB-tilbodet. Verksemda hadde 16 tilsette i aktivitet gjennom sesongen og merkar særleg vekst i individuelle reisande.

Også dei guida turane hadde kraftig vekst. Sylvringen AS gjennomførte 216 guida turar med til saman 4 872 gjester, ein auke på 103 prosent frå året før.

Turistinformasjonen hadde 76 621 registrerte besøkande i 2025, ein vekst på 45 prosent frå 2024. Her vart det selt varer frå 19 lokale tilbydarar og opplevingar frå 7 aktørar, eit viktig bidrag til lokal verdiskaping.

Cruise og kultur skapar trafikk

Vik hamn hadde 50 anløp frå april til oktober i 2025, med totalt om lag 73 000 passasjerar. Det vart gjennomført eit skiltprosjekt i løpet av sesongen, og fleire nye havnevertar vart lært opp som sikkerheitspersonell.

Ved Hopperstad stavkyrkje hadde Fortidsminneforeningen ein auke frå om lag 26 000 til 30 700 gjester, tilsvarande 18 prosent vekst. Veksten var størst i skuldersesongane, og ein ser òg auka trafikk utanom cruiseanløp. Samstundes peikar fleire på behov for betre trafikkavvikling og kapasitet på toalett.

Samla viser dette eit reisemål i vekst. Samstundes endrar marknaden seg.

Endringar i marknaden og auka trafikk

Visit Sognefjord peikar på fleire tydelege utviklingstrekk. Villcamping har auka, og talet på registrerte korttidsutleigeeiningar i Vik var oppe i 92 i 2025. Dette viser at fleire nyttar private bustader som overnattingstilbod.

Statens vegvesen si målestasjon på Storehaug viser ein trafikkauke på 10 prosent over fjellet. Det tyder på generelt høgare gjennomstrøyming av besøkande til regionen.

Dei største utanlandsmarknadene for Vik er Tyskland, Nederland og Frankrike. Samstundes vert det arbeidd med å styrke skuldersesongane gjennom nye marknader og målretta innsalg.

Utvikling og nye grep inn mot 2026

For 2026 er det meldt inn 49 skip til Vik. Det vert arbeidd med revisjon av ISPS-regelverket og opplæring av sikkerheitspersonell. Kommunen har teke opp att moglegheitsstudien for reiselivsutvikling, og det skal gjerast politiske vurderingar knytt til vidare utvikling av hamneområdet, Kristianhus og naustområdet.

Visit Sognefjord melder om endringar i internasjonale marknader. Det kan kome fleire europeiske gjester, medan ein ventar noko nedgang frå USA. Australia vert peika på som eit interessant marknad for å styrke skuldersesongane. Natur- og kulturopplevingar, aktivitetar for barn og tilbod i dårleg vêr er særleg etterspurt.

Det vert også arbeidd med nye produkt, mellom anna el-sykkelturar, vidareutvikling av nettbooking og tettare samarbeid mellom aktørane. Intensjonsavtalen mellom Sylvringen og Vik Adventure om felles lokale på Kristianhus er eit døme på dette.

Samarbeid som fundament

For Sogn Næring er det tydeleg at «aktivitet avlar aktivitet», slik Blix hotell formulerte det under møtet. Når overnatting, opplevingar, kultur, servering og varehandel spelar kvarandre gode, styrkar det både lønsemd og attraktivitet.

Samstundes ligg det utfordringar i kapasitet, trafikkavvikling og tilrettelegging, særleg på dagar med doble cruiseanløp. Det krev god planlegging og tett dialog mellom kommune, næringsliv og destinasjonsselskap.

Med sterke tal frå 2025 og konkrete planar for vidare utvikling, ligg det godt til rette for ein ny, solid sesong i 2026. Sogn Næring vil halde fram med å støtte samhandlinga og bidra til at reiselivet i Vik utviklar seg berekraftig og i takt med lokalsamfunnet.


Neste
Neste

Karrieremessa Bergen 2026