Innovasjon - og gründerkulturen i Sogn


Sogn er inne i ei positiv utvikling, der fleire aktørar jobbar tett saman for å styrkje innovasjon, etablering og næringsutvikling i regionen. Ein viktig del av denne utviklinga er ei sterk og tilgjengeleg førstelinjeteneste, som gjer det enklare for gründerar og bedrifter å kome i gang, finne rett støtte og utvikle ideane sine vidare.

Førstelinjetenesta – inngangsporten til innovasjon

Ei rapport frå Vestland fylkeskommune peikar på førstelinjetenesta som heilt avgjerande for at nye bedrifter skal lukkast. Førstelinjetenesta er inngangsporten til resten av verkemiddelapparatet, og spelar ei sentral rolle for at fleire verksemder kjem i gang, utviklar seg og overlever.

Modellen vi har i Sogn, med fleire utviklingsselskap, aktive kommunar, tett kopling til akademia og sterke FoU-miljø, er eit godt døme på dette i praksis. Førstelinjetenesta er ofte den første døra ein gründer går inn, og kvaliteten på denne første kontakten kan vere avgjerande for vidare utvikling. Difor er rolla til utviklingsaktørane i Sogn heilt sentral.

At Sogn Næring held til i Innovasjonsbygget på Campus, gir ein kvardag tett på dei andre aktørare. Denne fysiske og faglege nærleiken skapar korte avstandar, raske avklaringar og eit miljø der kunnskap flyt lett mellom forsking, offentleg sektor og næringsliv.

Sogn Næring sin rolle som førstelinjeteneste

Sogn Næring er førstelinjetenesta for gründerrettleiing i Sogndal, Vik- og Aurland kommune. For oss betyr dette å arbeide med utvikling, saman med alle som har lyst til å få til noko, anten dei står heilt i startgropa eller er klare for neste steg.

Rolla vår handlar både om å vere ein trygg sparringspartnar i tidleg fase, og om å kople gründerar vidare til rette verkemiddel, nettverk og samarbeidspartnarar, frå kommunale næringsfond til regionale, nasjonale og faglege miljø. Ei førstelinjeteneste skal tilby rettleiing, tilvisingskompetanse, nettverk, oppstartshjelp og støtte til vidare utvikling av bedrift.

I 2025 har vi hatt rekordmange førespurnader knytt til gründerrettleiing. Dei fleste kjem med ein idé og eit ønskje om å bidra til å gjere Sogn til ein endå meir attraktiv stad å bu og arbeide. Vår oppgåve er å hjelpe dei vidare på vegen, med den kompetansen og dei kontaktnetta vi rår over. Ein viktig del av arbeidet vårt er å mobilisere til ein sterkare gründer- og entreprenørskapskultur i regionen, og det er motiverande å sjå at interessa for etablering og utvikling er aukande.

Det er nettopp denne samanhengen vi ser: når fleire tek kontakt, viser det at gründerkulturen veks og at samarbeidet i regionen verkar.

Ein av Sogn Næring sine viktige rollar er å bidra til å styrke innovasjon - og gründerkulturen i regionen.

Men korleis jobbar vi med dette?

Å vere førstelinjeteneste handlar ikkje berre om individuelle samtaler. Vi har primært tre viktige oppgåvar knytt til arbeidet med ein positiv utvikling av kulturen:

  • Møteplassar - arenaer for deling, læring og nettverk

  • samarbeid med andre i verkemiddelapparatet - rett støtte til rett tid

  • samtalar med dei som har ein idé - førstelinjetenesta

I samarbeid med andre, og på eige initiativ, utviklar vi møteplassar for dei med interesse for innovasjon og gründerskap. Møteplassane er viktige for å senke terskelen for å dele idéar, lære av andre og byggje nettverk.

Vi har mellom anna eit tett og godt samarbeid med Kunnskapsparken Vestland og HVL Skape ved det årlege arrangementet Fjellpitch. Vi arbeider òg for å gjere Feilekveld til eit årleg arrangement, fordi det å feile er og bør vere ein heilt natureleg og sunn del av det å vere gründer.

Samarbeidet med verkemiddelapparatet går langt utover sjølve arrangementa. Vi har felles møte med gründarar, og ein tett dialog om kven som bør få vidare oppfølging frå andrelinjetenesta, til dømes Kunnskapsparken Vestland og Innovasjon Norge. Slik sikrar vi betre flyt, rett støtte til rett tid, og mindre friksjon for den enkelte gründer.

Eit av dei viktigste samarbeida vi har er den delte stillinga med Høgskulen på Vestlandet, nettopp for å sikre eit godt og felles arbeid for å fremja studentinnovasjon. I januar 2026 er vi så heldige å få Catarina Batista med på laget, som óg skal bli ein del av HVL Skape - teamet. Ho kjem frå IdeaSquare ved CERN - det kjende og internasjonale forskingssenteret for kjernefysikk, der ho jobba med eksperimentelle innovasjonsprogram for studentar frå heile verda. Vi tror hennar erfaringar vil være eit sterkt bidrag inn i å styrke innovasjonskulturen i regionen.

Studentar er òg sterkt representerte blant dei som tek kontakt med oss for rettleiing og oppfølging av idear. Nettopp dette illustrerer kvifor førstelinjetenesta er så viktig.

Eit sterkt økosystem med fleire innganger og felles retning

Sogn stillar seg sterkt i Vestland med ei samla, men mangfaldig utviklingskraft. I regionen finn vi mellom anna:

Sogn Næring, Sogn Utvikling, Årdal Utvikling og Sitep, i tett samspel med kommunane, Kunnskapsparken Vestland, Høgskulen på Vestlandet og HVL Skape, Innovasjon Norge og Vestlandsforsking.

Til saman utgjør desse aktørane eit samkjørt økosystem med fleire innganger, der gründerar og bedrifter kan finne rett hjelp til rett tid. Når aktørane kjennes kverandre godt og jobbar i same retning, blir terskelen lågare for å ta kontakt, og vegen frå idé til handling kortare.

Regionar med sterke nettverk, tett samarbeid og tilgang på kompetanse og kapital utviklar miljø der suksess skapar ny suksess. Kapital, kunnskap og erfaringer blir bygde opp over tid, og forsterkar kvarandre når økosystemet fungerer godt. Dette er relevant når vi skal vise fram Sogn som ein region der samarbeid mellom utviklingsaktørar, akademia, offentleg sektor og næringsliv gir reell utviklingskraft. Arbeidet med den digitale inngang til veiledning, finansiering og kompetanse fra det offentlige “Én vei inn” er derfor svært viktig.

NÆRnet - eit fagleg nettverk

Vestland fylkeskommune har nyleg etablert NÆRnet, eit fagleg nettverk for førstelinjetenesta i heile fylket. NÆRnett skal styrke kompetansen, skape kollegial støtte, og gjere det enklare å samarbeide på tvers av kommunar og utviklingsmiljø. For oss i Sogn betyr dette eit endå sterkare fagleg fellesskap, betre koordinering og eit nettverk der erfaringar kan delast og utviklast vidare.

Resultatet av alt dette er eit økosystem der gründerar ikkje berre får hjelp, men støtte frå fleire hald samtidig. For oss i Sogn betyr dette eit endå sterkare fagleg fellesskap, betre koordinering og eit nettverk der efaringer, metoder og beste praksis kan delast og utviklast vidare. Vi gler oss til å ta del i nettverket!

Nysgjerrig på NÆRnet? Les meir her
 

Eit godt utgangspunkt for vidare utvikling

Denne hausten har vi hatt rekordmange førespurnadar, og vi har ein tru og håp at denne utvikla vil fortsette. Når førstelinjetenesta fungerer godt, og utviklingsaktørane jobbar tett saman, skapar det eit økosystem der gründerar ikkje berre får råd, men støtte frå fleire hald samtidig. Det gir betre kvalitet i prosessane, større tryggleik for den enkelte, og betre føresetnader for levedyktige bedrifter.

Sjølv om utgangspunktet er godt, har vi mykje å strekke oss etter, og målet om ein sterk innovasjon- og gründerkultur er på ingen måte nådd. Men vi er på veg!

Sogn er godt rusta for vidare utvikling, med eit samla utviklingsapparat, ein aktiv førstelinje og sterke fagmiljø. Skal vi få fleire etableringar og meir innovasjon i åra som kjem, er det nettopp dette som må til, gode samarbeid, tydelege roller og ei førstelinjeteneste som er både tilgjengeleg og kompetent.


Sitter du på en idé? Ta kontakt med Ida her
Neste
Neste

Nytt pizzatilbod skal gi meir liv i Fjøra