Takk for i fjor og velkommen nytt år!
fra fjorårets juleavslutning. Fv. Karoline, Henrik, Frøya og Ida. (Line fotograf og Håvard kom seinare)
Når me no legg 2025 bak oss, har eg lyst til å seie takk. Takk for at du følgjer oss, utfordrar oss, samarbeider med oss og bidreg til å utvikle næringslivet i Sogn.
2025 har vore eit år prega av høg aktivitet, høge ambisjonar med påfølgjande gjennomføringsevne. I Sogn har me sett vekst i gründeraktivitet, auka merksemd rundt lokal mat og drikke, nye samarbeidskonstellasjonar på tvers av kommunar og eit stadig sterkare fokus på berekraft, bulyst og verdiskaping. Dette har me lukkast med fordi me ser verdien av å samarbeide på tvers av kommunar, bransjar, offentleg og privat.
2025, kort oppsummert.
Som dagleg leiar vert eg stolt av å kunne summere opp aktiviteten og måla me har nådd. Gjennom året arrangerte me aleine eller saman med andre, over 50 små og store arrangement - møteplasser som legg til rette for nye bekjentskap, auka kunnskap om det som skjer i regionen og ein plass å utvide nettverket på. Me har henta inn meir enn 2 millionar kroner i prosjektfinansiering og me har fått nye kunder og oppdrag. I løpet av året har me sett ei auke i talet på gründarar og studententreprenørar. Saman med produsentane i regionen har me styrka posisjonen vor som mat- og drikkeregion, eit arbeid me skal halde fram med i det komande året, mellom anna gjennom eit samarbeid med Matarena om matfestival på hjul.
2026, me er klare!
I 2026 skal me halde fram å bygge Sogn vidare, med tydeleg ambisjon om å styrke både næringsliv og lokalsamfunn. Me skal drive sentrumsutvikling med støtte frå Sogndal handel og service, arrangere ei heil veke med Sogn-innhald på Arendalsveka og vidareutvikle arbeidet med å posisjonere Sogn som ein attraktiv bu- og arbeidsregion. Samstundes skal me bidra til at fleire bedrifter jobbar målretta med grøn omstilling, legge til rette for fleire etableringar og jobbe aktivt for meir mangfald og betre inkludering i næringslivet. Gjennom alt dette skal me halde fram med å skape gode møteplassar der folk, bedrifter og aktørar møtest på tvers av fag, bransjar og kommunar.
Har du ein idè, eit prosjekt eller eit initiativ som du tenkjer me kan bidra til å løfte? Ta kontakt, så tek me ein kopp kaffe og ein prat!