300 tiendeklassingar fekk gründerinspirasjon

Innovasjons- og karrieredag for 10. trinn på Campus Sogndal

Førre veke vart Innovasjons- og karrieredag for 10. trinn arrangert for tredje år på rad på Campus Sogndal. Sogn Næring, HVL Skape og Høgskulen på Vestlandet, i samarbeid med “System for styrka læring” i Sognaregionen, inviterte alle tiandeklassingane i Sogn til ein lærerik dag. Nær 300 elevar tok turen til campus.

Elevane fekk høve til å bli betre kjent med utdanningstilboda ved HVL. Studentambassadørene fortalde om studietilbod, studiekvardagen, dei ulike campusane og kvifor dei hadde valt sine fagretningar. Dei løfta òg fram spennande utvekslingsmoglegheiter og viste at utdanning kan være mykje meir enn berre “skule og teori”.

På stasjonen “pitching” fekk elevane moglegheita til å prøve seg på å pitche ei løysing på reelle samfunnsutfordringar. Øyvind Bang Fjørtoft frå HVL Skape lærte elevane kva ein pitch er, og korleis dei kan lage ein pitch. Elevane skulle deretter lage korte filmsnuttar der dei presenterte ideane sine gjennom ein pitch. Her var det mange motiverte og kreative elevar med mange gode idear! Dei fire beste pitchane vart kåra i ettertid, og premien er kinobillettar. Vi er imponert over alle dei nyskapande og kreative bidraga!

På den tredje stasjonen fekk elevane lære av Frøya frå Sogn Næring kvifor gründerar er viktige for samfunnsutviklinga, og korleis ein kan starte bedrift i Sogn. Etterfulgt av inspirasjonsforedrag fra 8 ulike gründerar som delte sine eigne erfaringar og inspirerande reiser:

  • Ellinor Aanesland, medgründer av Det Gule Huset, delte historia om å starte kafé midt i høgsesongen. Og om å hoppe i det sjølv om alt ikkje er planlagt på førehand.

  • Alexander Haug frå Odelsgut oppmoda elevane til å «gjere det du elskar», og fortalde om reisa frå storbyliv til siderproduksjon på Fimreite.

  • Erlend Fardal Lunde, grunnleggjar av Sognefjord Event, delte den imponerande historia bak Fjørarock.

  • Mathias Flølo presenterte SoundFence AS, som utviklar ein spennande ny teknologi for å halde hjortedyr unna jordbruksområde.

  • Tommy Stigen, HVL-student, fortalde om gründerreisen og suksessen med brettspelet SOAP, som no blant anna kan kjøpast hos Poden & Boden.

  • Iver Davidson delte historia om korleis han og ein kompis produserer og reparerer surfebrett under namnet Beverdalen Bølgebrett.

  • Mathias Hatlevoll fortalde om oppstarten av Hatlevoll Bygg og Montering og korleis det er å vere si eiga sjef, og gav gode råd til elevane: «Vis interesse, still spørsmål og ver nøyaktig».

  • Lise Hølland, gjenbruksentusiast og dagleg leiar av Poden & Boden Sogndal, snakka om å tørre å satse, etablering av ny butikk og å utvikle nye konsept.

Dagen gav elevane eit variert innblikk i både utdanning, gründerliv og innovative moglegheiter. Vi håpar mange reiste heim med inspirasjon og nye idear for framtida.

Neste
Neste

🚀 Kom i gang med forsking i bedrifta di – med FORREGION Vestland