Stillingsutlysing: Vil du vere med å løfte næringslivet i Sogn?

Frå fisketur på personalsamling i Florø

Kven er vi?

Sogn Næring arbeider for vekst og grøn omstilling i Sogn. No ser vi etter deg som har lyst til å bruke kompetansen din innan kommunikasjon og marknadsføring til å styrkje næringslivet og utvikle regionen vidare. Som rådgivar for kommunikasjon og marknadsføring blir du ein ressurs på tvers av våre fire strategiske innsatsområde. Du får ei variert rolle som spenner frå innhaldsproduksjon og formidling til profilering, merkevarebygging og utvikling av arrangement. Du vil også få ansvar for eigne prosjekt innan merkevarebygging og profilering.

Kva jobb snakkar vi om?

I stillinga vil du mellom anna få ansvar for å utvikle og følgje opp kommunikasjonstiltak, både i eigne kanalar og saman med partnarar. Du skal skrive, produsere og formidle innhald som gjer det lettare for omverda å forstå kva vi jobbar med, og som bidreg til å setje dagsorden. Arbeidet kan også inkludere produksjon av tekst, bilete og video til nettsider, sosiale medium og nyheitsbrev, og du får høve til å vere kreativ og prøve ut nye format og kanalar.

Rolla vil òg innebere å bidra til å utvikle og styrkje profilen til Sogn Næring og partnarane våre. Vi ønskjer at du ser samanhengen mellom strategi og kommunikasjon, og at du kan formidle både små og store prosjekt på ein engasjerande måte. I tillegg vil du vere med på planlegging og gjennomføring av arrangement, der kommunikasjon og synleggjering er viktige delar av heilskapen.

Som rådgjevar får du òg ansvar for å drive fram eigne prosjekt innan regional profilering og marknadsføring. Du vil få høve til å forme prosjekt heilt frå idéstadiet og sjølv ha stor fridom i korleis dei blir utforma og gjennomførte. I tett samarbeid med dyktige partnarar kan du vere med på å påverke korleis Sogn blir vist fram.

Kven er du?

Vi ser etter ein person som er sjølvgåande, initiativrik og glad i folk. Du må trivast med å kommunisere både skriftleg og munnleg, og ha evne til å gjere komplekse tema enkle og forståelege. Har du erfaring eller interesse innan marknadsføring, kommunikasjon, merkevarebygging, journalistikk, foto, design eller prosjektarbeid, kan dette vere stillinga for deg. Kjennskap til digitale verktøy som nettsideløysingar (vi brukar Squarespace) og sosiale medium er ein fordel, men det viktigaste er at du har lyst til å lære og utvikle deg!

I Sogn Næring får du

  • Ein variert arbeidskvardag i tett kontakt med næringslivet

  • Høve til å forme rolla og utvikle eigen kompetanse

  • Eit engasjert team som arbeider for ei berekraftig utvikling i Sogn

  • Kontorplass midt i Sogndal, og fleksible løysingar når det trengst

Spørsmål?

Om dette høyres ut som ein jobb som passar deg er det berre å ta kontakt med Karoline Søvik Myklebust (karoline@sognnaring.no) eller Line Bjelde (line@sognnaring.no) for spørsmål eller ein prat.

Vil du sende ein søknad? Send inn søknad gjennom finn annonsa her
Vi tek imot søknadar fram til 26. oktober.  

Neste
Neste

300 tiendeklassingar fekk gründerinspirasjon