Stort løft for gründerspirer på Vestlandet

Frode Nergaard Fjeldstad (t.v.) og Øyvind Midtbø Berge ønskjer mer nyskaping og vekst på Vestlandet. Entreprenørskulen skal gi fleire moglegheita til å gjere idear om til levedyktige verksemder. Foto: Mauricio Pavez, HVL.

Agenda Vestlandet gir 25 millionar kroner til ei ny entreprenørskule ved Høgskulen på Vestlandet.

– Å forvandle idear til levedyktige verksemder krev tverrfagleg kompetanse og kreative læringsmiljø. Ved HVL har vi alle føresetnader for å lukkast med nettopp dette, seier Øyvind Midtbø Berge, prorektor for nyskaping og regional utvikling.

Første kull er planlagt hausten 2027. Dekan Jens Kristian Fosse meiner satsinga gir eit viktig løft:
– Midlane gjev oss høve til å styrke fagmiljøet vårt. Vi står klare til å gripe ballen.

Agenda Vestlandet ser etableringa som eit nødvendig steg for å halde på fleire studentar og skape nye arbeidsplassar.
– At Bergen no får ei reindyrka entreprenørskule kan føre til fleire bedrifter og at fleire studentar vel å bli verande i regionen. Det treng både Vestlandet og det grøne skiftet, seier Frode Nergaard Fjeldstad, tildelingsdirektør i Agenda Vestlandet.

Les heile saka hos Høgskulen på Vestlandet!

Forrige
Forrige

300 tiendeklassingar fekk gründerinspirasjon

Neste
Neste

🚀 Kom i gang med forsking i bedrifta di – med FORREGION Vestland