🚀 Kom i gang med forsking i bedrifta di – med FORREGION Vestland
Vil du ta bedrifta di eit steg vidare med hjelp av forsking?
FORREGION Vestland gjer det enklare å bruke forsking som motor for innovasjon, berekraftig verdiskaping, grøn konkurransekraft og klimaomstilling.
Gjennom ulike verkemiddel får du tilgang til rett kunnskap, partnarar og støtteordningar:
✨ Kompetansemekling – gratis rådgiving frå ein kompetansemeklar som hjelper deg å avklare behov, mogleg finansiering og forskingspartnarar.
✨ Forprosjektmidlar – støtte til innleiande prosjekt, perfekt for bedrifter som vil teste ut forsking for første gong.
✨ Forskar til låns – samarbeid tett med ein forskar i ein avgrensa periode.
✨ Opphald i forskingsmiljø – få verdifull kunnskap og nye kontaktar gjennom opphald hos ein forskingsinstitusjon.
✨ FoU-møte – støtte til samlingar der fleire bedrifter kan utforske korleis forsking kan løyse felles utfordringar.
👉 Les meir om tiltaka og finn det som passar di bedrift best [her].
No er det enklare enn nokon gong å setje forsking på agendaen – og skape framtida for di verksemd.
Kvifor forske i bedrift?
Når drifta tek alle ressursar, er det kanskje vanskelig å sette av tid og folk til å jobbe med forsking og utvikling. Ved hjelp av ordningane til Forregion, kan du hente inn kompetansen du kanskje ikkje har på huset i dag.
Å forske i bedrifta kan gi fleire store fordelar, både på kort og lang sikt:
✨Innovasjon og nye produkt/tenester – forsking kan opne døra til å utvikle noko heilt nytt, eller vidareutvikle det du alt har, slik at du skil deg ut i marknaden.
✨Betre konkurransekraft – bedrifter som nyttar forsking står ofte sterkare i konkurransen fordi dei baserer utviklinga si på kunnskap framfor magekjensle.
✨Berekraft og grøn omstilling – forsking gjer det lettare å finne løysingar som reduserer utslepp, energi- og ressursbruk, og som møter dei stadig strengare miljøkrava.
✨Tilgang til nye nettverk og samarbeid – forskingssamarbeid gir kontakt med universitet, høgskular, næringsklynger og andre bedrifter som kan bli viktige partnarar.
✨Auka finansiering – mange forskingsprosjekt kvalifiserer for offentlege støtteordningar, noko som reduserer risikoen for bedrifta.
✨Styrka kompetanse – både leiarar og tilsette får auka kunnskap og ferdigheiter, som gjer bedrifta meir robust for framtida.
✨Langsiktig verdiskaping – forsking gjer bedrifta betre rusta til å møte raske endringar i marknad og teknologi.
Kven er det som hjelper deg til forksing i bedrift i Sogn?
Fylkeskommunen leiar satsinga og samarbeider med Høgskulen på Vestlandet og Vestlandsforsking. Vestlandsforsking og HVL stiller med 9 kompetansemeklarar, som kan hjelpe deg med å identifisere problemstillingar som kan passe inn i ein av søknadsordingane. Ta kontakt med vår forretningsutviklar Karoline Søvik Myklebust (karoline@sognnaring.no) dersom de vil komme i gang med forsking i bedrift, og treng hjelp på vegen.
FORREGION Vestland samarbeider også med næringshagar, inkubatorar, næringsklynger og kapasitetsløftprosjekta om gjennomføring av FoU-møte.