3 nye år med Grøn Region Vestland

17.–18. september var aktørar frå heile fylket samla i Marinehagen i Bergen til to innhaldsrike dagar med inspirasjon, dialog og konkrete verktøy for grøn omstilling. Vi deltok som representant for Sogn Biohub, ein av hubane i satsinga Grøn region Vestland.

Grøn region Vestland er eit samarbeid mellom fylkeskommunen, næringsliv, akademia og offentlege aktørar. Målet er å styrkje omstillingsevna i regionen gjennom grøne hubar – møteplassar der bedrifter, kommunar og kunnskapsmiljø utviklar sirkulære løysingar, nye verdikjeder og industriell symbiose. Sogn Biohub er ein del av denne strukturen, og har ein viktig rolle som knutepunkt for kunnskapsdeling, prosjekt og samarbeid i Sogn.

Samlinga vart opna av fylkesordførar Jon Askeland, som peika på korleis vi må jobbe saman for å byggje ein meir berekraftig og konkurransedyktig region. Filosofen og forfattaren Anders Indset følgde opp med eit inspirerande foredrag om norsk prestasjonskultur, og korleis kombinasjonen av fellesskapsverdiar og toppresultat kan vere ein nøkkel i grøne skifte.

Gjennom programmet fekk vi både faglege innlegg, interaktive økter og panelsamtalar. Vi diskuterte mellom anna korleis vi kan gå frå utfordringar som kraftmangel og arealpress til konkrete konkurransefortrinn, og korleis kultur, verdiar og haldningar er avgjerande for å få til industriell symbiose i praksis.

Ein sentral del av samlinga var presentasjonen til Bård Sandal, direktør for næring, plan og innovasjon i Vestland fylkeskommune. Han la fram vedtaket frå hovudutval for næring: satsinga Grøn region Vestland blir vidareført i tre nye år. Sandal understreka at hubane først og fremst handlar om leiarskap. Gjennom relasjonsleiing – å byggje tillit, respekt og samarbeid – kan vi lukkast med å utvikle sterke grøne hubar. Han presenterte også prinsippet Rasjonelt MOT, som handlar om ei raus tilnærming bygd på relasjon og respekt, anerkjenning og ansvar, utvikling, smil og samhandling.

Dag to retta blikket framover mot korleis vi kan gå frå plan til realisering, både nasjonalt og internasjonalt. Panelsamtalar og erfaringsdeling gav deltakarane nyttige perspektiv på kva som må til for å halde kursen i omstilling over tid, og korleis vi kan styrkje samarbeidet gjennom Team Vestland.

Samlinga samla eit breitt spekter av aktørar, frå små og store bedrifter til kommunar, kunnskapsmiljø og verkemiddelapparatet. Det skapte rom for nettverksbygging og nye samarbeid – noko som blir avgjerande for å lykkast med grøn omstilling i praksis.

For oss i Sogn Biohub var dette eit verdifullt høve til å dele erfaringar, lære av andre og bidra inn i den vidare utviklinga av Grøn region Vestland.

Forrige
Forrige

🚀 Kom i gang med forsking i bedrifta di – med FORREGION Vestland

Neste
Neste

Kven fortener å vinne FOLKA-prisen 2025?