Kven fortener å vinne FOLKA-prisen 2025?

I samband med FOLKA-konferansen 21. og 22. oktober lanserer vi ein heilt ny pris: FOLKA-prisen.

Prisen går til ein arbeidsgivar i Vestland som har gjort ein særskilt innsats på årets tema for rekrutteringskonferansen: Fire generasjonar – eitt arbeidsliv. Korleis byggjer du ein arbeidsplass der alle vil vere, og bli verande?

Vi ser etter ein arbeidsgivar som:

  • Er ein god arbeidsplass for alle generasjonar

  • Klarer å få tak i, og halde på, flinke folk

  • Skapar tryggleik og trivsel på jobb gjennom konkrete og målretta tiltak

  • Er til inspirasjon for andre når det kjem til rekruttering og arbeidsmiljø

Vinnaren får heder og ære og 10 000 kroner til å bruke på noko som fremjar arbeidsmiljøet i bedrifta si!

Kjenner du nokon som fortener å vinne? Eller jobbar du kanskje sjølv på ein slik plass? Nominer dei til FOLKA-prisen, og fortel kvifor nettopp dei fortener prisen. Vinnaren blir kåra under FOLKA-konferansen 22. oktober.

Frist for å nominere: 26. september.

EG VIL NOMINERE

EG VIL DELTA PÅ KONFERANSEN

FOLKA-konferansen vert arrangert av Framtidsfylket Vestland, NHO Vestland, Nordfjordkompaniet, Sogn Næring og Sunnfjord Utvikling. Sparebank1 Sogn og Fjordane er sponsor for konferansen.

Neste
Neste

Takk til alle som deltok