Takk til alle som deltok
Eksepsjonell kundeservice handlar ikkje berre om smil og høflege ord, det handlar om menneske, teknologi og berekraft i samspel. Gjennom inspirerande foredrag og lokale gründerhistorier fekk deltakarane innsikt i korleis verksemder kan skape opplevingar som verkeleg gjer ein forskjell.
Arbeidsglede som grunnmur for gode kundeopplevingar
Cathrine Magnus opna dagen med eit energisk foredrag om haldningar, ansvar og arbeidsglede. Med brei erfaring frå hotell, service og leiing, viste ho korleis små val i kvardagen kan byggje kultur og gi kundar opplevingar dei hugsar.
Ho var òg den einaste som valde å halde heile innlegget utan PowerPoint eller presentasjon – og med humor, historier og dialog fekk ho vist at det å vere ekte og til stades kan vere det kraftigaste verktøyet av alle.
Teknologi som løftar kundereisa
Futurist Eirik Hansen Normann tok oss vidare til framtida og viste korleis teknologi kan skape betre opplevingar dersom vi kombinerer den med tillit og menneskelege ferdigheiter. Han peikte på at kunstig intelligens, VR og digitale verktøy berre blir verdifulle når vi brukar dei til å forstå og møte menneskelege behov. Med døme frå eigen kvardag, inkludert ein chip under huda til betaling og adgang, illustrerte han korleis teknologi kan gjere kundereisa både enklare og meir sømlaus.
Lokale innovatørar med kundebehov i fokus
Innovasjonsdagen løfta også fram to lokale gründarar som begge arbeider for betre løysingar for brukarar og kundar:
Lars Røyrhus – Status Reiseliv
Samlar all data og statistikk for reiselivet i ei plattform som gir aktørar innsikt til betre planlegging, drift og utvikling. Resultatet er betre avgjersler – og betre opplevingar for gjestane.Tone Megrunn Berge – Biospinout One
Utviklar Baremark, eit biologisk fallunderlag til leikeplassar. Ei løysing som møter behovet for tryggleik og berekraft, og som viser at også dei yngste fortener dei beste brukaropplevingane.
Berekraft som nøkkel til tillit
Petter Gulli avrunda dagen med å vise korleis berekraft og samfunnsansvar ikkje berre er viktig for miljøet, men og for å skape ekte tillit hos kundane. Han utfordra alle til å vere tydelege, truverdige og konkrete når dei snakkar om berekraft, fordi kundar ser raskt gjennom grønvasking. Når berekraft vert ein integrert del av verksemda, kan det bli eit konkurransefortrinn som styrkjer både omdøme og kundelojalitet.
Eksepsjonell kundeservice = menneske + teknologi + berekraft
Gjennom heile dagen vart det tydeleg at eksepsjonell kundeservice handlar om meir enn enkeltmøte. Det handlar om å byggje kultur, bruke teknologi på ein klok måte, og ta ansvar for samfunnet vi er ein del av. Innovasjonsdagen Sogn 2025 synte korleis desse perspektiva kan smelte saman og skape opplevingar som gjer at kundar kjem tilbake – og som gjer dei til ambassadørar.
Ein stor takk til Sparebank1 Sogn og Fjordane som gjorde denne dagen mogleg