Vil du låne den kjekkaste jobben i Sogn næring eitt år?
Sogn næring på Bergen matfestival, saman med mat- og drikkeambassadør Tonje Torvanger og mange flinke mat- og drikkeprodusentar.
Stillingsutlysing - Rådgjevar mat, drikke og reiseliv i Sogn næring
Vil du låne den kjekkaste jobben i Sogn næring eitt år? Det tykkjer i alle fall eg det er, som skriv denne utlysinga. Som rådgjevar for mat, drikke og reiseliv i Sogn næring har eg ein kvardag der kontorjobben plutselig er ute i ein fruktage, på ein festival eller hos ei bedrift. Det kan også bli din kvardag det neste året.
Kva: Inntil 100 prosent vikariat, 1 år frå tidligast 1. november
Kven er vi? Sogn næring hjelpe folk med å komme i gang med gode idèar, både i nye og eksisterande bedrifter. Vi jobbar i hovudsak med innsatsområda grøn omstilling, regional utvikling og mat, drikke og reiseliv og gründer og entreprenørskap. Vi er næringsselskapet i kommunane Sogndal og Vik, og har mange regionale prosjekt der vi jobbar med heile Sogn som region.
Vi er ei lita verksemd, der alle gjer litt av alt, og hjelper kvarandre på dei ulike innsatsområda. Ein får mykje ansvar, eit hyggelig kollegium, og moglegheit til å styre eigen jobbkvardag og ta eigne initiativ.
Kva jobb snakkar vi om?
Vi treng ein person som kan eige innsatsområdet mat- og drikke i eit år.
Når du har ansvar for innsatsområdet mat, drikke og reiseliv kan det vere nyttig å kjenne til aktørane i næringskjeda frå før. Kanskje driv du sjølv med tilleggsnæring i landbruket? Eller du har jobba innan hotell og restaurant? Det viktigaste er at du er engasjert i næringsutvikling innan mat- og drikke, og klarar å sjå samanhengar på tvers av prosjekta og aktørane vi jobbar med. Vi samarbeider for eksempel med Sogn frukt- og siderlaug, med enkeltbedrifter som produserer mat eller drikke, i prosjekt saman med med Lerum og Norways best, og med kommunar og Vestland fylkeskommune.
Her kan du lese om nokre av prosjekta og aktivitetane vi driv med innan mat- og drikke.
Nokre av arbeidsoppgåvene er å arrangere fagsamlingar, søke og rapportere på prosjektmidlar, prosjektleiing og koordinering. Ein må samarbeide med masse ulike mennesker, og lære seg kven som er kven i det offentlege og private næringslivet. Ein må kunne formidle det vi driv med både munnleg og skriftleg/visuelt, men du må ikkje vere some-ekspert for å jobbe hos oss. Oppgåvene og jobben kan også tilpassast den personen som får den.
Kva får du i Sogn næring?
Ansvar for eigne prosjekt og tillit til å gjennomføre eigne initiativ
Moglegheit til å styre eigen jobbkvardag
Eit sosialt og hyggelig miljø på Campus Sogndal, med felles trening, julebord, lunsj med påfyll og mange spennande verksemder
Innblikk i næringslivet i Sogn, og moglegheit til å vere med å utvikle det
Moglegheit for kompetanseheving
Kven er du?
Det veit vi ikkje enno. Ta gjerne kontakt om du lurar på noko om jobben!
Spørsmål?
Dagleg leiar i Sogn Næring, Line Bjelde (line@sognnaring.no) eller rådgjevar for mat og drikke (som skal i permisjon), Sigrid Skjerdal (sigrid@sognnaring.no).
Vil du sende ein søknad? Send til Sigrid Skjerdal (sigrid@sognnaring.no)
Vi tek imot søknadar fram til 10. oktober.