Byfolket fekk smaken av Sogn på Bergen Matfestival

Sogn markerte seg sterkt på årets Bergen Matfestival! Smak og prat-kursa med siderprodusentane Ciderhuset Balholm, Odelsgut, Ølmheim Siderhage, Amble gård og Norane fruktgard vart ein suksess, og laurdag var kurset «Bobler og esklusive smakar frå Sogn» med Mantas Vaidelis (Norways Best) heilt fullsett. Sjølvsagt var rettane kun basert på råvarer frå Sogn, og para med sider frå Sogn. 

Med etterkvart bra vêr og rekordmange besøkande fekk vi vist fram mangfaldet og kvaliteten frå Sogn. Festivalen gav både nye smaksopplevingar for publikum og verdifull synleggjering for produsentane våre. Eit høgdepunkt var verdas største gulrotkake med utsorterte gulrøter frå Sogn frukt- og grønt som markerte at matfestivalen er 25 år-.

No skal vi evaluere innsatsen og legge planane for korleis vi kan løfte Sogn endå tydelegare på matkartet i åra som kjem.

Vil du ha ein smak av Sogn? Ta turen til Haustmarknaden i Lærdal 27.-28. september eller Fruktbare dagar på Leikanger 5.-6. oktober for gode smaksopplevingar og handel av lokale råvarer.

Sjå video og bilete frå festivalen på Sogn naturlegvis/Instagram!

Forrige
Forrige

Frå vasskraft til hydrogenverdikjede - Green Hydra-samling i Sogndal

Neste
Neste

Forskingsrådet: Støtteordning for innovasjon i jordbruk og matindustri