Søke skattefunn? Merk deg 1. september!
Bedrifter som planlegg å søkje om SkatteFUNN-støtte, må hugse at garantifristen er 1. september 2025. Søker du innan denne datoen, garanterer Forskningsrådet at søknaden blir behandla innan utgangen av året – og at du kan få skattefradrag for kostnadane påløpt i 2025.
Kva er SkatteFUNN?
SkatteFUNN er ei rettigheitsbasert skattefradragsordning for norske bedrifter som driv forskings- og utviklingsprosjekt (FoU). Her kan bedrifter få eit skattefradrag på 19 % av godkjente prosjektkostnader. Ordninga blir administrert av Norges forskningsråd i samarbeid med Skatteetaten.
Kva er eit forskings- og utviklingsprosjekt?
Eit FoU-prosjekt handlar om å skape ny kunnskap eller nye løysingar som ikkje er kjende frå før, og som bedrifta treng for å utvikle nye eller betre varer, tenester eller produksjonsprosessar. Prosjektet må ha eit klart definert mål, ein plan for gjennomføring, og vere prega av systematisk arbeid for å redusere risiko og usikkerheit.
Kvifor er 1. september så viktig?
Forskningsrådet garanterer behandling av alle søknadar mottatt innan denne datoen – noko som er avgjerande for å få fradrag i det inneverande året. Dersom søknaden blir sendt etter fristen, kan behandlinga skje først i nytt år – og då vert det ikkje gitt fradrag for kostnader påløpt i 2025.