Velkommen til Sogn næring, Frøya!
Masterstudent Frøya Rydland Aase hadde praksis hos Sogn næring i 10 veker i vår, og var mellom anna med å arrangere Sognasmart. Vi gler oss over at ho held fram hos oss i 20 prosent stilling ved sidan av masterstudium ved HVL.
Deltidsjobb i Sogn Næring: Frøya Rydland Aase skal jobbe for Sogn næring i ein deltidsstilling ved sidan av studium i innovasjon og marknadsføring ved HVL. Foto: Bård Basberg/Sogn næring
Kanskje kjenner du allereie til den blide bergensaren, for gjennom studietida i sogndal har ho jobba deltid hos Intersport Sogndal. Det skal ho halde fram med, i tillegg til engasjementet for næringslivet i Sogn.
"Eg er opphavleg frå Bergen, men ønska å flytte nærare fjell og skimoglegheiter. Her har eg teke ein bachelor i natur- og opplevingsbasert reiseliv, og eg trivdest så godt at eg valde å bli verande. Deretter fullførte eg eit nettbasert årsstudium i digital marknadsføring ved Kristiania, og no tek eg ein master i innovasjon og marknadsføring ved HVL.
På fritida er eg veldig glad i friluftsliv, alt frå fart og spenning til det meir rolege som fiske og soppsanking. Men vinteren er nok det store høgdepunktet i året. Det som gjer det så fint å bu i Sogndal, er nok den gode kombinasjonen av alle dei fine folka og alle moglegheitene og aktivitetane Sogn har å by på!
Eg synest Sogn Næring jobbar med mykje spennande, og eigentleg vil eg seie at alt er like interessant. Men eg er nok spesielt engasjert i regional utvikling og næringsutvikling.
Eg gler meg til å møte mange andre engasjerte menneske i næringslivet her, og til å jobbe med spennande arrangement utover hausten!"