Vi kunne ikkje bedt om ein bedre sommar!

Hei hei! Henrik her, aktivitetskoordinator for Sognacamp 2025

Denne sommaren har eg vore så heldig å få vere aktivitetskoordinator for heile 35 unge sommervikarar her i Sogn. I denne artikkelen skal eg fortelje korleis vi har opplevd prosjektet frå den første ideen til siste aktivitet.

For dei som har følgt med på det vi gjer i Sogn Næring, hugsar de kanskje at vi i januar starta opp eit nytt og spennande prosjekt: Sognacamp. Ideen og initiativet kom frå Sognekraft, og vi fekk uvurderleg hjelp frå Digdir og fleire bedrifter i Sogn for å spikre eit heilt spesielt konsept. I denne skalaen er det faktisk berre prøvd ein annan stad i Noreg, noko vi synest er ganske kult.

Konseptet er eigentleg ganske enkelt. Vi vil rekruttere smarte hovud til regionen. Løysinga? Bedrifter i Sogn tilbyr ein spennande sommarjobb, og etter arbeidstid får sommarvikarane delta i eit sosialt nettverk av andre sommervikarar. Vi viser fram alt Sogn har å by på, frå fjord og fjell til festivalar og små, unike opplevingar slik at dei får lyst til å kome tilbake, kanskje for å jobbe her fast.

9 bedrifter – 35 sommervikarar

I år hadde vi med oss ni bedrifter med totalt 35 sommarvikarar. Dei fekk oppleve kombinasjonen av fagleg innhald frå arbeidsgivarane og eit fullpakka sosialt program frå oss i Sognacamp. Deltakarane kom frå heile landet, frå Bergen, Sogndal og Vik til Kongsvinger, Bærum, Moss, Arendal, Trondheim, Nordmøre og heilt frå Danmark.

Studiebakgrunnen var like variert som heimstadane. Vi hadde deltakarar innan teknologi og IT, fornybar energi og miljøfag, helse og idrett, media og eigedomsfag, alt frå dataingeniør og kunstig intelligens til treningsfysiologi og geologi. Dei fleste studerte ved NTNU, Høgskulen på Vestlandet eller Universitetet i Bergen, men vi hadde også studentar frå NMBU, Høgskulen i Volda, Universitetet i Sørøst-Norge og til og med University of Tampa i USA.

Aktivitetar og høgdepunkt

Campen starta med kick-off på Dampskipskaia i Sogndal, med god mat, lokal drikke og bli-kjent-leikar. Bedriftene presenterte seg sjølve, og vi fortalte om kva Sogn kan tilby både som bu og arbeidsstad. Vi må hugse på at det første målet ikkje er å konkurrere om kandidatane oss imellom, det er å få dei til å velje regionen. Når dei først har oppdaga kor bra det er å bu her, ja, då kan bedriftene ta kampen om å ansette dei beste.

Etter kick-off rulla vi i gang eit sosialt program som blanda lavterskelmoro med opplevingar som verkeleg viser breidda i Sogn. Vi hadde grilling og volleyball, morgenbading kvar tirsdag, klatring på Kvam, bretur i Jostedalen, cidersmaking i Balestrand, bedriftsbesøk hos Statkraft, festivalbesøk til Fres, havkajakk på fjorden i Luster og afterwork med gjengen.

Og veret? Vel, eg kunne ikkje ha bede om betre forhold. Sjølv om vi starta campen med nokre få gråversdagar, slo sommaren verkeleg til etter det. Dei neste vekene låg Sogn å bada i sol, med blå himmel og varme sommarkveldar som gjorde kvar aktivitet til ein høgdepunkt.

Blikket retta mot 2026

Årets Sognacamp viser at denne modellen fungerer, både for å gi studentane ein minneverdig sommar og for å bygge band til regionen. Vi har fått mange gode tilbakemeldingar, og fleire deltakarar seier dei no vurderer å flytte tilbake eller søke jobb her.

Neste år vil vi gjere campen endå betre. Vi håpar å få med fleire bedrifter, fleire aktivitetar – og ikkje minst fleire unge, smarte hovud som kan bli ein del av framtida til Sogn.

Så spørsmålet er: Er di bedrift med neste år? Ta kontakt med meg på henrik@sognnaring.no!

Forrige
Forrige

Søke skattefunn? Merk deg 1. september! 

Neste
Neste

Ei brennheit Sognagate på Bergen matfestival