Ei brennheit Sognagate på Bergen matfestival
Vi gjentek historia frå i fjor, og reiser i samla følge på Bergen matfestival og Norsk siderfestival, som går føre seg samstundes 5.-6. september. Med til byn har vi sterke, søte, friske og edle saker. Til og med ein meisterkokk blir med for å presentere godsakene frå Sogn desse dagane.
Matfestivalen i Bergen samlar kvart år 200 000 besøkande, i tillegg til produsentar og kokkar frå heile Noreg. Her kan publikum handle på marknadane på festplassen og torgalmenningen, ete kreative menyar på festivalrestaurantane, og vera med på spennande smak og prat-workshoppar med folk som kan sakene sine.
Det første som møter deg når du kjem inn på festplassen frrå Christies gate, er ei heil rekke med produsentar i Sognagata. På rekke og rad treff du:
Haugen gardsmat
Bøtun gard
Undredal stølsysteri
Vikja kjøt
Borgund chili
Lomelde fruktgard
Alm gard
Elvebakken gardsysteri
Sognefjorden kaffibrenneri









Så ruslar du gjennom området med fleire flinke produsentar frå Vestlandet, og kjem fram til teltet som husar norsk Siderfestival. Her finn du også eit solid utval produsentar frå Sogn, og ein kollega frå Jølster.
Ølmheim siderhage
Ciderhuset Balholm
Amble gard
Norane fruktgard
Odelsgut
Vestavin






Ein eksklusiv smak av Sogn
Nytt av året er at vi får med oss dyktige Mantas Vaidelis, kjøkensjef hos Norways best til Bergen. På den eksklusive masterclassen Siderkunst og smakar frå Sogn, kan du bli med sommelier og pommelier Thor Oddvar Havn på ei reise inn i norsk siderkultur. Siderane er akkompagnert av Mantas sine smårettar av dei beste råvarene frå Sogn. Mantas Valdelis har erfaring frå Michelinstjerne-restaurantane Gordon Ramsay (London) og KOKS (Færøyane), og har spesialisert seg på nordiske smakar i ny drakt. Til vanleg tryllar han fram rettar på Hotel Aurlandsfjord i
Denne opplevinga kan du få med deg fredag 5. september, klokka 14.30 i kursteltet på Festplassen, eller laurdag 17-18 same plass.
Smak og prat om sider
Du kan bli betre kjent med siderprodusentane på Bergen matfestival sine Smak & prat-kurs. Alle produsentane er sett inn på ulike kurs, saman med kokkar og sommelierar som viser deg korleis du kan få fram det beste i produkta.
Arrangementa passar godt for deg som vil lære meir, og ikkje minst som er glad i god mat og drikke. Sogningane kan du mellom anna møte her:
Smak & prat med Amble gård, Nerø sideri og Skarbø gard
Smak & prat med Ciderhuset Balholm, Aga sideri, og Voss gardspresseri
Smak & prat med Odelsgut, Eiane gard, Bignose og Norane Fruktgard
Persetorsk & sider - med Ciderhuset Balholm
Smak & Prat med Vestavin, Epli sideri, Jaastad Sideri
Smak & prat med Ølmheim siderhage, Store Naa siderkompani og hardanger saft og siderfabrikk
Sjå alle kurs og arrangementa i oversikta til Bergen matfest her. Kursa brukar å bli utselde, så hiv deg rundt om du vil vera med.
Odelsgut, Ciderhuset Balholm, Amble gard, Skjolde sideri, Ølmheim siderhage og Norane fruktgard på Sogn sin frøste siderfestival på Dampskipskaien i juni. Desse utanom skjolden sideri), blir å treffe i Bergen i september.