Sogningar i samla flokk til Bergen matfestival i september - vil du vera med?

I år som i fjor tek vi med oss eit solid utval lokalmat- og drikkeprodusentar til Bergen matfestival. Vi fyller ei heil rekke med matprodusentar, og samlar siderprodusentane i ei klynge.

Er du mat- eller drikkeprodusent og vil vera med? Ta kontakt med Sigrid@sognnaring.no innan torsdag 5. juni!

Dette gjer vi saman:

  • Felles profilering med Sogn-banner 

  • Foto, film og synlegheit i sosiale medium. Alle produsentar får tilgang på det som vert laga.  

  • Felles middag og workshop i midten av august, rett før festivalen. Sosial kveld med inspirasjon, god mat og drikke, og kanskje nye idear til samarbeid?

  • Smaken av Sogn – Norways Best har Lær av dei beste-kurs under Bergen matfestival, der vi vil koble på produsentane som er med til Bergen.

  • Et Sogn – ein smak av Sogn på festivalområdet. Tonje Torvanger, Lise Sundberg og elevar frå Sogndal vidaregåande skule lagar festivalrettar med smakar frå produsentane våre.  

  • Og sjølvsagt får du tilgang på alle godene som matarena tilbyr utstillarane

  • Målbedriftsavtale i næringshagen (til avvikling 1. oktober)

Vi har eit par standplassar ledig, og vil gjerne fylle opp med fleire av dei dyktige produsentane frå Sogn!



Forrige
Forrige

Norges Vels næringsutviklingslegater: Søknadsfrist 10. juni

Neste
Neste

Sognasmart 2025 sette tonen for framtida