Sognasmart 2025 sette tonen for framtida
Med eit mål om å styrke stoltheita, samhaldet og utviklingsevna i regionen, samla Sognasmart over 200 deltakarar i Sogndal til ein dag stappfull av innsikt, inspirasjon og gode samtalar. Gjennom eit tettpakka program vart det sett søkelys på både styrkane og utfordringane i Sogn, og ikkje minst korleis vi kan skape Sogn 2.0 saman.
Dagen starta med ein engasjerande samtale om Høgskulen på Vestlandet si rolle i regional utvikling. Oddmund Hoel, Øyvind Midtbø Berge, Kristin Myhra Sæterdal og Tore Frimanslund frå HVL stilte spørsmålet: kva skjer når tusen færre studentar ikkje bur, et og jobbar her, og korleis bør vi rigge oss om universitetsstatusen blir realitet? Konferansierane Arve Uglum og Line Bjelde leda oss trygt gjennom dagen med både glimt i auget og klare bodskap.
I løpet av føremiddagen fekk deltakarane høyre sterke innlegg frå kraft- og industriverda ved Ole Petter Hatlevoll, Anveig Bjordal Halkjelsvik og Erlend Bårgard, samt ei inspirerande samtale om mat og drikke i regi av Trine Lerum med deltaking frå Endre Kleiveland, Mathilde Buch Larsen og Frode Skarpås. Kommunane sine roller som samfunnsutviklarar vart belyst av fleire stemmer frå Aurland, Årdal og Luster. Petter Slyngstadli avrunda føremiddagen med eit skarpt blikk på norsk økonomi og internasjonale finansmarknader.
Etter ein smakfull lunsj med lokalmat frå Bøtun Gard, Vikja og Alm Gard, tok Hans Olav Lahlum ordet og tok oss med på ei reise i lokaldemokratiet si historie og framtid. Deretter vart blikket retta framover: Korleis byggjer vi Sogn 2.0?
Her delte kunnskapsrike aktørar frå næringslivet sine erfaringar og framtidsvisjonar: Malin Rygg, Stine Lilloe-Olsen, Kjetil Hovland og Jon Håkon Odd. I samtalar om universitetsbygda Sogndal og utvikling av kompetansearbeidsplassar bidrog blant andre Tor-Einar Skinlo, Anne Karin Hamre og Kari-Anne Kirsebom Strandman. Dagen vart runda av med eit samla blikk på vegen vidare – leia av Arve Uglum i samtale med Trym Ramstad, Kristin Myhra Sæterdal og Yngve Hallén.
Tilbakemeldingane frå deltakarane har vore mange og stort sett veldig gode. Mange peikar på kor viktig det er å halde fram med slike møteplassar, og at det no er avgjerande å gripe det momentet som er skapt. Det står framleis mykje arbeid att – men vi har vist at vi har både vilje og evne til å løfte i lag.
Sognaklynga tek no med seg innspela og samtalane frå dagen vidare i arbeidet med å styrke samarbeid, utvikle nye prosjekt og legge til rette for grøn og berekraftig vekst.
Neste moglegheit til å delta og bidra kjem allereie til hausten: Vi oppmodar alle til å bli med på Næringskonferansen i Flåm og Teknologiveka i Årdal. La oss halde fram med å byggje Sogn – saman!