Fullt hus og stor interesse for snø, ski og kunstig intelligens

Onsdag 28. mai inviterte vi til «Lunsj med påfyll» med tema Frå snø til kode: Vinteren 2025 i eit nytt perspektiv. Det vart eit fullsett arrangement med nykokt kaffi, nysteikte sveler, og ikkje minst eit engasjert publikum.

Anders Asheim Hennum tok oss med på ei reise gjennom vinteren vi nett har lagt bak oss og viste korleis dataanalyse, programmering og kunstig intelligens kan brukast for å forstå klimaendringar og snøutvikling over tid. Med lokale værdata frå Haukåsen, Fjærland og Anestølen sette han vinteren 2025 inn i ein historisk kontekst og viste korleis teknologiske verktøy kan gje ny innsikt i naturen rundt oss.

“Eit geni som lærte oss å bruke AI til det mest relevante alle i Sogn elskar: snø og ski” som ein kollega så fint oppsummerte.

Arrangementet viste tydeleg at vinter, klima og framtida er eit tema som fenga Sogningane.

Takk til alle som kom!


Kva er lunsj med påfyll?

Lunsj med påfyll er ein lågterskel møteplass for deg som vil ha litt ekstra fagleg eller inspirerande påfyll i lunsjen! Vi inviterer gjestar som delar ei historie, ein idé, eit prosjekt, kunnskap eller til og med drøymen sin med oss. Ta med deg matpakka di, og ta turen til 2. etasje på Innovasjonsbygget på Campus Sogndal. Vi serverar kaffi og te, og er du heldig har Henrik fyrt opp svele-takka også.

Sogn Næring er sjølvsagd til stades både før og etter arrangementet om du vil slå av ein prat med oss. Du kan følje med i arrangementskalendaren vår for å ikkje gå glipp av det neste temaet som fengar nettopp deg!

📢 Fagleg eller inspirerande foredrag

👌 Arrangementet er gratis og opent for alle!

☕️ Vi byr på kaffi og te, og kanskje noko å eta på

Har du lyst til å fortelja om prosjektet ditt på Lunsj med påfyll, eller har du forslag til personar, prosjekt eller tema vi bør invitere? Ta kontakt med Henrik!

Forrige
Forrige

Full sal, store spørsmål og ny giv for Sogn!

Neste
Neste

Kva har vi lært av danskane om industriell symbiose?