Kva har vi lært av danskane om industriell symbiose?
Ei engasjert gruppe frå Sogn har vore på studietur til Danmark for å lære meir om industriell symbiose og grøn omstilling. Turen gjekk til Kalundborg og Skive, der deltakarane fekk innblikk i korleis danske aktørar byggjer opp sirkulære industriløysingar i praksis. Med på turen var representantar frå Sogn Biohub, SIMAS, Luster kommune, Sognekraft, Luster Bondelag, Vestland fylkeskommune, EPOS Consulting og Sogn Næring.
Gjennom besøka hos Kalundborg Symbiosis og GreenLab Skive fekk deltakarane sjå korleis samarbeid på tvers av bransjar skaper nye løysingar for energi, ressursbruk og verdiskaping. Begge plassane viste korleis industribedrifter, energiselskap, landbruk og offentlege aktørar kan dra nytte av kvarandre sine avfall- og sidestraumar for å skape meir berekraftige system.
Første stopp var hos Kalundborg Symbiosis, der Mette Wendel og Nadejda Ulstrup-Hansen tok imot gruppa. Her har dei i over 50 år utvikla det som vert rekna som verdas første industrisymbiose som består av eit nettverk av 17 aktørar som utvekslar ressursar, energi og avfall på tvers. Gjennom ein rundtur i industriparken fekk deltakarane sjå korleis den sirkulære tankegangen ikkje berre pregar industrien, men også lokalsamfunnet. Til dømes får du buketten din pakka inn i brukte skoesker hjå blomsterhandlaren, takka vere eit samarbeid med den lokale skobutikken.
Dagen etter gjekk turen vidare til GreenLab Skive, eit innovativt grønt industriknutepunkt i Danmark. Her vart gruppa tatt godt imot av Mathias Damgaard Mørch, som delte raust av GreenLab si erfaring med å utvikle eit sirkulært og fleksibelt energisystem. På omvisinga fekk deltakarane blant anna sjå biogassanlegg og vindmøller, og oppleve den heilt spesielle lukta frå verdas første «sjøstjernefabrikk», der invaderande sjøstjerner blir omdanna til verdifulle protein.
Turen var ikkje berre fylt med faglege innlegg – gruppa hadde òg fleire interne arbeidsøkter, gode samtalar og diskusjonar om korleis ein kan ta kunnskapen i bruk heime i Sogn.
Det var både inspirerande og lærerikt å sjå korleis dei jobbar konkret med industriell symbiose. Vi fekk også tid til å jobbe godt i lag med eigne prosjekt og idéar, seier Karoline Søvik Myklebust frå Sogn Biohub/Sogn Næring.
Samtidig fekk deltakarane oppleve Odense, ein vakker by som gjorde inntrykk på fleire.
Studieturen var eit viktig steg i arbeidet med å utvikle betre samspel mellom industri, offentleg sektor og landbruk i Sogn, og styrka grunnlaget for vidare arbeid med industriell symbiose og berekraftig verdiskaping.