To nye fjes og rekordmange søkarar!

Fv. Henrik, Karoline, Sigrid, Frøya, Line og Ida

Slik såg gruppebilete av Sogn Næring ut i slutten av oktober. Men allereie frå november, er det kome nye fjes inn i teamet vårt. Håvard Øyrehagen er tilsett i vikariatet som rådgjevar for mat, drikke og reiseliv det neste året. Han kjem frå Luster, har lang erfaring frå landbruk og næringsutvikling, både som prosjektleiar, rådgjevar og bonde. Håvard har vore engasjert i alt frå Arena frukt og bær til Landbrukets HMS-teneste, og har sjølv drive småskalaproduksjon med eplemost og fårepølse. Han kjenner næringskjeda i regionen godt, og brenn for å utvikle mat- og drikkesatsinga i Sogn vidare. Me er sikre på at han vil ta godt vare på den kjekkaste?, jobben i Sogn Næring, medan Sigrid er i permisjon.

Håvard starta allereie 1. november, og svara dette da me spurte han om kvifor han ville bli ein del av teamet vårt.

“Landbruket i Sogn har alltid lege mitt hjerte nær. Det ligg eit stort potensiale i å utvikle kvalitetsprodukt av både mat og drikke av dei råvarene me produserer i Sogn. Eg gler meg til å bidra til å løfte dette arbeidet og ser fram til å ta fatt på spennande arbeidsoppgåver når eg no begynner i Sogn næring".

Hels på Håvard, vår nye rådgivar for mat og drikke

HVL Skape + Sogn Næring = meir gründer og entreprenørskap

Saman med HVL skape ynskjer me å løfte satsinga på studntinnovasjon, gründerånd og entreprenørskap. Vi er difor veldig glade for å kunne introdusere Catarina Batista Som vår nye innovasjonsrådgiver. Catarina kjem frå Portugal og har bakgrunn frå CERN, der ho har leia og utvikla innovasjonsprogram for studentar og næringsliv frå heile verda. Ho brenn for å skape trygge og kreative læringsarenaer der folk får utfalde seg og finne løysingar som bidreg til berekraftig samfunnsutvikling. No ser ho fram til å vere med å styrke entreprenørskap og innovasjon på Vestlandet.

Rekordmange har lyst å jobbe saman med oss

I tillegg til Håvard og Catarina, skal me ynskje enndå ein person velkommen til teamet. Kven det blir veit me ikkje enda, og jobben med å kome dit er ikkje lett. Me fekk nemleg 56! søkarar til stillinga som rådgivar for kommunikasjon og marknadsføring. Me synes det er utruleg kjekt at så mange har lyst til å jobbe saman med oss i Sogn Næring. Fleire av søkarane har trekt fram at dei ser på oss som ein organisasjon som får ting gjort, som jobbar med mykje spennande og har eit positivt arbeidsmiljø. Det er ekstra stas, for vi har jobba målretta med å styrkje profilen vår, og det er gledeleg å sjå at bodskapen vår når ut og speglar den organisasjonen vi faktisk er. Det er også inspirerande å sjå at så mange brenn for utvikling av regionen vår.

Neste
Neste

Økonomidagen Sogn 2025