Gründer- og SMB- kveld i Årdal
Korleis lukkast som gründer i Sogn? På måndagen under Teknologiveka var vi til stades for å vere med å presentere verkemiddelapparatet, nettopp for å syne korleis ein kan gå fram for å gjere idé til verkeligheit her i regionen vår.
Kvelden vert arrangert av Årdal Utvikling og Kunnskapsparken Vestland, der vi, saman med dei, Sitep, Innovasjon Norge, Sogn Sparebank, Forregion Vestland og Vestlandsforksning, fortalte alle dei frammøte om korleis kvar enkelt aktør kunne hjelpe til på gründerreiser. Kvelden avslutta med fleire spennande gründerhistorier, med deira erfaringar og tips til prosessen.
Vi i Sogn Næring meiner sliker kvelder er utruleg viktige! Ikkje berre for å gje viktig informasjon til innbyggarane våre, men óg for å skape enda betre samarbeid oss aktørane i mellom. Slik lukkast vi med å lage eit godt tilbod til dei i Sogn som ynskjer å lukkast som gründer.
Gründarane som presenterte seg og sin reise var:
BioAqualytics ved Frank Øvstetun
Dreng ved Sunniva Skrede
Ecosort ved Gudvin Haralddson
Edbox ved Martin Johnsen
Byteform ved Lars Røyrhus (på bilete)
Vivatec ved Yuliia Bondar
Lars Røyrhus, på bilete, kunne mellom anna fortelje som kor viktig nettverking er som gründer, og at det er viktig å fortsette å jobbe med- og ha trua på bedrifta (sjølv omd et nokon gonger fristar og bruke tida og pengane på å reise til syden). Selskapet Byteform AS begynner verkeleg å ta form, og det var moro å sjå korleis Lars har jobba hardt og godt frå idé til der han er i dag. Lars er eit kjend ansikt frå før, da han har vore deltakar på Fjellpitch i 2024.
Det var fleire gründarar vi i Sogn Næring kjende frå før. Martin Johnsen frå Edbox har tidligare vore innom HVL Skape og Sogn Næring for veiledning.
Vi heiar på alle dei spennande gründaridéane i Sogn!
Ta kontakt med Ida om du ynskjer gratis rådgjeving hjå oss i Sogn Næring
Avsluttande panelsamtale med gründarane. (F.v: Frank Øvstetun, Sunniva Skrede, Lars Røyrhus, Gudvin Haralddson, Martin Johnsen)
Foto 1 og 2: Frida Bekkestad