Har du ein draum om å jobbe med berekraftige tekstilar?
Samfunnsoppdraget for sirkulær økonomi har som mål å gjere det enklare å satse på berekraftige tekstilar, biomateriale, reparasjon og ombruk. Satsinga skal legge til rette for felles mål og styrke verkemiddel innan sirkulær økonomi med hovudmål om at Noreg i 2035 skal ha oppnådd ei betydeleg auke i ombruk, reparasjon og deling av knappe ressursar.
Eit av delmåla i satsinga er særleg relevant for tekstilar, der det er skildra eit mål om å etablere nye initiativ og samarbeid som gir ei betydeleg auke i ombruk og reparasjon. Innsatsen rettast mot samarbeid, tekstilar, EE-produkt, møbler og bygningsmateriale. Rammeverket opnar for betre koordinering mellom offentleg sektor, næringsliv, forsking og sivilsamfunn, noko som gir ein meir systematisk inngang for aktørar som vil utvikle nye forretningsmodellar for berekraftige material, ombruk eller reparasjon. Sjå satsinga her
Her kjem fire finansieringsordningar som er relevante for deg som jobbar med berekraftige tekstilar eller har ein draum om å utvikle produkt basert på berekraftige biomaterial.
Forskningsrådet
Innovasjonsprosjekt i næringslivet- For verksemder som utviklar nye løysingar innan til dømes sirkulær økonomi og berekraftige material.
Løpande søknadsfrist- Sjå ordninga her
Forskarprosjekt (FRIPRO)
For forskarar som ynskjer å utvikle ny kunnskap, også innan tekstil og miljø.
Løpande søknadsfrist - Sjå ordninga her
Innovasjon Noreg:
Miljøteknologiordninga - Tilskot til utvikling og testing av ny miljøteknologi, til dømes innan tekstilresirkulering.
Bioøkonomiordninga - For prosjekt som nyttar fornybare ressursar, som naturfiber i tekstil.