NorgesGruppen sitt berekraftsfond

NorgesGruppen har etablert HANDLE for å leggje til rette for tettare samarbeid om berekraft på tvers av verdikjeda for mat og drikke i Noreg. Fondet deler ut midlar til prosjekt som inneber samarbeid mellom minst to ledd i verdikjeda, og som kan gi målbar effekt innan områda miljø, helse eller menneske.

Søknadsfristen er 1. november 2025.

Kva ser fondet etter i 2025?

HANDLE prioriterer prosjekt som er klare til å setjast i verk, og som kan gi målbar effekt på miljø, helse eller menneske.
Prosjektet skal:

  • inkludere samarbeid mellom minst to ledd i verdikjeda (frå jord til bord)

  • kunne gjennomførast innan 24 månader

  • ha sikra medfinansiering og vere forankra hos alle nøkkelaktørar

Alle søknader må innehalde ei kort skildring av korleis prosjektet bidreg til desse punkta (under feltet Kort skildring av prosjektet):

  • Reell effekt på miljø, helse eller menneske – helst med ei konkret målsetting (t.d. «redusere matsvinn hos verksemd X og Y med 20 %»)

  • Samarbeid mellom minst to ledd i verdikjeda

  • Realisering av konkrete pilotar, løysingar eller prosjekt ute i verdikjeda

Merk at grunnforsking, forstudium utan pilot eller utrulling, og reine konsept- eller marknadsanalysar ikkje blir støtta av HANDLE.

Les heile utlysinga og søk her!

Neste
Neste

Stillingsutlysing: Vil du vere med å løfte næringslivet i Sogn?