Dette tek vi med oss frå Innovasjonsdagen Sogn + bildegalleri

Den fullsette salen på Quality Hotel Sogndal fekk servert fire ulike gründerhistorier frå Ed-Tech-verda, altså teknologi innanfor læring og utdanning.

Den 22. september arrangerte vi Innovasjonsdagen Sogn saman med vennene våre i Kunnskapsparken Vestland. Johan Brand, Gro Mykkeltvedt, Rolf Risnes og Kristoffer H. Engebø hadde med seg eit lass erfaring og gode lærdommar, og her kjem nokre av dei vi tek med oss vidare.

"Pynte brura"

Som Kristoffer Engebø i Eduplation så fint forklarte det i sitt foredrag, er det utrulig verdifullt å bygge merkevara til bedrifta di heilt frå starten av. Då han kom inn i investor-møter med ein idè som enno berre var ein idè, var det at han hadde eit design, logo og eit namn viktig for å bli tatt på alvor. Med det kunne han visualisere kva idèen til slutt skulle bli. Også Johan Brand, som var med å starte Kahoot!, fortalte korleis dei frå starten av bygde merkevara Kahoot ved å ha eit namn som skilte seg frå konkurrentane, og sørge for at sluttbrukaren alltid er merksam på kva platform dei er inne på.

Konkret tips frå Kristoffer: Squadhelp! ein platform der du får tilgang på tusenvis av designerar. Du får tilbod på akkurat det du treng av logo, namn og merkevaremateriell, og vips så er du i gang. 

Finn dei rette folka

Eit godt team som utfyller kvarandre i kompetanse og personligheit, og har gjennomføringsevne er eit kriterium mellom anna når ein søker midlar hos Innovasjon Norge. Ein kan drive hard business, men ha god kultur og mykje trivsel på jobb, sa Rolf Risnes som har starta fleire selskap innanfor læringsteknologi. At folka som jobbar i alle ledd i bedrifta har eigarskap til produktet er ein av suksesskriteria han har teke med seg. Gro Mykkeltvedt har utvikla verktøyet BlueJay for mental trening. Leiing handlar om kjærleik, har ho funne ut i sine undersøkingar. Det handlar om bry seg om bedrifta og menneska som jobbar der, og om å ha mot, seier toppleiarane ho har snakka med. 

Vi må aldri slutte å leike!

 Ein må tore å leike, og tole å tape, sa Johan Brand. Sluttar ein å leike, så sluttar ein også å utvikle seg. Leiken er det første språket vi lærer som barn, det går på tvers av kulturar og bryt barrierer. Slik kan ein også komme opp med løysingane som lagar eit meir inluderande samfunn, og som fungerer uansett korleis hjernen din er rigga. Men du må tole å tape - og som gründer vil ein gå på nokre smellar. Ein må ikkje satse hus og heim for å starte ei bedrift, sa Brand. Sjølv jobba han i andre selskap medan Kahoot vaks seg større på sida. Mange vellukka innovasjonar og gründerverksemder veks ut av allereie eksisterande bedrifter, og dei har større sjanse til å lukkast sidan dei allereie har klart å komme seg gjennom etablererfasen og forstår kva det handlar om.

Alle bilder: Vidar Bloom Kauppi

aktueltSigrid Skjerdal