Så mange millionar bruker dei ulike partia på digital marknadsføring!

Ein valkamp handlar i stor grad om å få ut bodskapen sin til så mange potensielle veljarar som overhovud mogleg. I dagens digitale verd betyr dette synlegheit på nett, og annonsering på mellom anna sosiale medium for å nå ut til rett målgruppe og dei rette veljarane. Men korleis jobbar dei norske partia med dette? Og kor mykje pengar bruker dei?

Etter valskandalen i USA i 2016 har Meta (Facebook & Instagram) sett seg nøydde til å utøve meir openheit rundt annonsar, som har resultert i at alle annonsar som "omhandlar saker av samfunnsmessig betydning, val eller politikk" er søkbare for alle. Ikkje berre kan ein sjå kvar enkelt annonse, men det blir også opplyst kor mykje pengar som er brukt.


Tilsaman har partia annonsert for over 17 millionar kroner på Facebook & Instagram dei siste 90 dagane.

 

Vi har dykka litt ned i tala, og henta fram oversikta over kor mykje dei ulike partia har brukt i annonsering ut frå hovudkontoen sin sentralt. Totalt har nesten tusen annonsørar brukte Meta under valkampen, altså både lokalparti og lokalpolitikarar. 

Ser vi på dei enkeltpartia som har annonsert mest finnar vi MDG og FrP på topp med budjsett på over kr 800 000,- kvar. Vidare sprikjer budsjetta betydeleg, og nedst på lista finn vi KrF som berre har brukt kr 500,- på Facebook/Instagram-annonsering.

På denne sida får ein ei god oversikt over kor mange millionar kroner dei norske partia betaler Meta for synlegheit på Facebook og Instagram.

 

Oversikt over kor mykje dei ulike partia har brukt på Meta-annonsering gjennom valkampen

 

Meta er sjølvsagt ikkje den einaste plattforma ein kan annonsere på, og skal ein nå ei yngre målgruppe er det TikTok og Snapchat som gjeld!

TikTok har dessverre inga søkbar oversikt over kva annonsørar som er aktive på plattforma. Det styrkjer ikkje akkurat kredibiliteten til den omdiskuterte kinesiske appen. Justis- og beredskapsdepartementet avrår bruk av TikTok på tenestetelefonar, og ifølgje Kom24 har høgre løyst dette ved å ha ein eigen "Tiktok-telefon" for å samhandla med appen på.

 

Oversikt over kor mykje dei ulike partia har brukt på Snapchat-annonsering gjennom valkampen

 

Høgre bruker 1.5 milloner på Snapchat

Snapchat har ei god oversikt, og her finn ein ei oversikt over dei annonsørane som har annonsert på plattforma. Ikkje alle partia brukar Snapchat som annonseplatform, og forskjellen i budjsett er enorm. Ap har eit forbruk på rett over 900 000,- medan Høgre har brukt heile 1,5 millionar! Med tanke på at dei fleste parti er fråverande frå plattforma er altså forskjellane enorme. Kan ein trekkje ein samanheng her og til Høgres brakval blant ungdom på skulevalet?

Til slutt må vi ikkje gløyme ein av dei aller største annonseplattformene der ute, nemleg Google. Her har vi dessverre inga oversikt over pengar brukt, men kan enkelt undersøkje dei ulike annonsane og bodskapane som blir formidla frå dei ulike partia.