Nye retningslinjer for Næringshageprogrammet i Sogn

Saman med Sognefjorden Næringshage driftar vi Næringshageprogrammet i Sogn. No er retningslinjene for programmet oppdatert, og vi er klar for å samarbeide med endå fleire målbedrifter!

Næringshageprogramet er retta mot etablert næringsliv, og enkelt forklart er det ei teneste som gjennom støtte frå SIVA og Vestland Fylkeskommune kan tilby rabatterte priser på alt frå bedriftsrådgiving, hjelp til utvikling av forretningsidéar, marknadsplanlegging, nettverksbygging, internasjonalisering og andre utviklingsrelaterte oppgåver.

Det kostar ingenting å bli medlem, og gjennom avtalen får ein dekka 50 prosent av kostnadane på tenestene vi tilbyr. Som medlemsbedrift blir du ein del av eit større nettverk, og vi tilbyr ei rekkje spennande kurs og studieturar for medlemmene.

Næringshageprogrammet skal bidra til auka verdiskaping basert på regionale fortrinn, ved å legge til rette for utvikling av berekraftige og omstillingsdyktige bedrifter. Vi skal bruke vår lokale kunnskap og vårt regionale nettverk til å hjelpe bedrifter med å utvikle og omstille seg.

Vil du bli kontakta med meir informasjon om Næringshageprogrammet, og sjå på korleis vi kan hjelpe deg og bedrifta di? Legg igjen e-posten din her, så tek vi kontakt med deg!

aktueltBård Basberg