Eit mangfaldig arbeidsliv er lønsamt. Slik lukkast du som inkluderande arbeidsgivar

Eit godt mangfaldsklima på arbeidsplassen heng saman med høgare lønsemd/produktivitet, lågare sjukefråver, lågare gjennomstrøyming og høgare jobbtilfredsheit, slår mangfalds- og inkluderingsdirektoratet fast.

Samstundes blir Norge i ei ny undersøking frå InterNations rangert som det nest dårlegaste landet å jobbe i for folk som kjem frå andre land.

Noreg er eit av dei verste landa å jobbe i – det har Victor fått kjenne på – NRK Vestland

Korleis di verksemd bidra til at Norge blir eit meir inkluderande land å jobbe i, samstundes som de aukar trivsel og lønsemd?

Jeanette Walsvik er prosjektleiar for Sogn for alle. Prosjektet er sett i gong av Sogn regionråd, og jobbar for å betre verdiskaping og vekst i regionen gjennom å sikre sysselsetjing og bulyst hos innvandrarar.

Fra Sogn for alle sitt perspektiv handlar inkludering om å endre haldning i leiinga. Det startar med rekrutteringsprosessen. Kva skjer når du mottek ein søknad frå ein som heiter Ali, Salomon, Aya eller Yelena? Sett inkludering på agendaen som ein raud tråd i alt de gjer i bedrifta. Det er viktig at det er skrive i planar og rutiner. Leiarar og tilsette innan HR må auke kompetansen på kva mangfald betyr for bedrifta. Bli med i nettverk med andre bedrifter som brukar mangfald som ei styrke. I tillegg treng alle tilsette kompetanse på å ta imot nytilsette (som har ei funksjonsnedsetting eller er av anna etnisk opprinnelse) på ein arbeidsplass, seier Walsvik.

Mentorprogrammet til Sogn for alle, der tilsette får hjelp til å bli inkluderingsekspertar.

Stiftelsen Mangfold i Arbeidslivet (Mia) har tre tips til korleis ein kan skape god inkludering på arbeidsplassen:

  1. God mangfaldsleiing

    Leiarane må spørre og interessere seg for kvar enkelt tilsett. Kva interesser har dei, kva ønskjer dei å oppnå på arbeidsplassen, kva kompetanse og erfaring har dei? Alle treng å bli sett og høyrt, og vite at deira innsats er viktig for verksemda.

  2. Bruk tid på å lage gode HMS-rutinar

    Eit godt avvikssystem der ein kan sei ifrå om feil og finne løysingar på utfordringar. Korleis kan bedrifta bruke dette systemet til å fange opp idear til nyskaping og få betre flyt i arbeidsprosessane? Bygg tilitt slik at alle tilsette bidreg, og følg opp forslaga dei tilsette kjem med.

  3. Språk-coaching

    Av og til kan beskjedar bli misforstått og nyansar i språket forsvinn i kommunikasjonen. Då kan ein få hjelp av språk-coach. Bruk mål for læringa som er direkte retta mot kjerneoppgåva til den tilsette. For ein kundemedarbeider kan dette vera kunderetta kommunikasjon, eller i serveringsbransjen kan det vere fagspråk og uttrykk som blir bruk i restauranten eller på kjøkenet.

  4. Mentor-programmet til Sogn for alle

    I tillegg må vi trekke fram mentor-programmet til Sogn for alle. Dei tilbyr opplæring til tilsette i bedrifter for å videreutvikle deira inkluderingskompetanse. I programmet tek dei føre seg det fleirkulturelle arbeidslivet, og tema som kommunikasjon og tilbakemelding, handtering av konflikter og kunnskap om psykisk helse og arbeid. Deltakarane er med og gir innhald til programmet og deler erfaringar. Mentoren er gjerne den personen i bedrifta som tek i mot nye tilsette, og som har opplæring og oppfølging av dei.

Er du nysgjerrig på korleis di bedrift kan bli skikkelig gode på inkludering? Ta gjerne kontakt med meg på sigrid@sognnaring.no, eller Jeanette Walsvik i Sogn for alle for fleire tips.


Sigrid Skjerdal