Tre-ekspertane på Kaupanger lagar prisvinnande kubbegolv

Eit kubbegolv av overskotsmateriale har fått DOGA-prisen for designet sitt, og prydar det nye DNB-lokalet i Bergen. Kvar det kjem frå? Kaupanger, sjølvsagt.

VILL-kollektivet i Bergen fekk eit stort oppdrag frå DNB i Eiendom i Bergen, kontakta dei Timbla på Kaupanger. Dei stakk hovuda saman, og fann ut følgande: Are treindustrier hadde kapp til overs. Sogneprodukt har rasande flinke folk og lokale for produksjon. Timbla og VILL Opp har kompetansen på å selje og legge golv. Når desse driftige folka stikk hovuda saman, blir det fart i sakene og det nyvinnande kubbegolvet av overskotsmateriale kom til verda.

Avkapp frå Are treindustrier går inn i starten av linja og kjem ut i andre enden som tetris-brikkar. Blokkene behandlast ferdig ute hos kunden. Ståle Loftesnes (t.v) og Odd Halvor Molland (rettleiar i produksjonen hos Sogneprodukt).

I produksjonshallen til Sogneprodukt durar allereie maskinene på den nystarta produksjonslinja. Avkapp frå Are treindustrier går inn i eine enden av hallen, og i andre enden ligg pallar med kubbegolv i modular klare til å leggast som tetrisbrikkar. Til hausten skal den mønstra endeveden frå Kaupanger pynte opp lokala til mellom andre Godt Brød i Bergen. Også ein Michelin-restaurant har sett seg på bestillingslista for det nye produktet, og det nye bygget til DNB i Bergen har allreie fått golvet på plass.

– Målet vårt er å skape arbeidsplassar her, tett på råvarene, og nytta kunnskapen som ligg i industrien som allereie eksisterer her, fortel Ståle Loftesnes.

Han er gründer av møbelsnekkarverkstaden Timbla, og medeigar i VILL Opp som sel kubbegolvet.

Arbeids- og inkluderingsbedrifta Sogneprodukt held til både i Vik, Balestrand og på Kaupanger. Fordelen med at Sogneprodukt er leverandør av golva, er at dei er fleksible og lett kan skalera opp. Her utforskar dei korleis maskiner som allereie eksisterer kan brukast på nye måtar, og korleis produksjonslinja skal fungere optimalt, fortel Loftesnes. Endevedeen gjer god nytte for seg som golv sidan det hardt og haldbart, det har kort reiseveg og blir laga av overskotsmateriale som elles ikkje hadde hatt ein heim. Det gir produktet eit konkurransefortrinn når nye byggeprosjekt må rekne heim klimautsleppa frå bygga.

Sogn Næring har vore med frå starten som rådgivarar, då aktørane byrja å utforske moglegheitene for å lage nye produkt av materialet treindustrien har til overs. Gjennom prosjektet Kaupanger Sirkulære har Sogn Næring bidrege til å samle aktørane og rådgje på vegen vidare. Det veks og det gror i industrimiljøet i Kaupanger, og innovasjonen stoppar ikkje her.

– Dette er berre første steg. No ser vi på nye mønster og nye bruksområde. Vi jobbar også for å få salskanalar ut i privatmarkanden.

No er gjengen tatt opp i inkubator-programmet til Kunnskapsparken, som tek inn selskap med vekstpotensiale og internasjonalt potensiale. Framover skal dei hente inn kapital for å utvikle fleire produkt med overskotsmateriale, og vidareutvikling av kubbegolvet.

Endeveden på treet er ekstra sterkt. Før i tida vart det brukt som golv i stallar, der det harde og solide materialet gjorde nytte for seg, fortel Johnny Tverrberg i Are treindustrier (han er også medeigar i Timbla og VILL Opp). No inntek materialet restaurantar, bankbygg og snart heimar.

Johnny Tverberg er produktutviklar i Are treindustrier og medeigar i Timbla og Villopp. Ståle Loftesnes (t..h) er grunnleggar og drivar av Timbla, og medeigar i Villopp. No jaktar dei nye måtar å nytta overskotsmateriale på.


aktueltSigrid Skjerdal