Tilbake til alle arrangementer

Korleis skilje seg ut på sosiale media

  • Stadionbygget, Campus Sogndal Rom: STA0202 Sogndal, Vestland, 6856 Norway (kart)


Vi ynskjer å invitere til ein ettermiddag med gode tips og råd frå ein ekspert innan dette temaet, sosiale medie- og innhaldsrådgjevar Kornelia Minsaas. Kornlia har sjølv erfaring med å byggje opp digitale plattformar og har engasjert millionar av menneskjer gjennom mellom anna Instagram. Om du synest at ho ser kjend ut, har du mogelegvis sett ho i markadsføringa til DNB Ung som ho var med å byggje opp.

«Kva som gjeld» på sosiale media endrar seg i stor fart, så kva innhald fungera i dag? Dette har Kornelia god kjennskap og erfaring med. I kurset vil ho ha ekstra fokus på viktigheita med å skape ein relasjon til følgjaren, og korleis ein kan gjere dette på ein billig måte.

I tillegg får du høyre erfaringane frå to lokale aktørar som har gjort seg synlege og som har lykkast med å nå mange følgjarar sosiale media. Dei kjem for å fortelje om si reise og korleis dei har jobba med den digitale marknadsføringa.

Vi ynskjer at arrangementet skal vere ein plass å bli kjend med nye ansikt, og ynskjer derfor både lokale bedrifter, studentar, gründerar og generelt interesserte velkomen.

Vi stillar med servering av mellom anna frukt og scones, samt kaffi og mineralvatn.

Program:

12:15 - Velkomen : Mingling med enkel servering

12:30 - Ekspertråd frå Kornelia Minsaas

14:00 - Jostein Mo frå Sogdnal Fjordpanorama og Privatmegleren

14:20 - Cecilia Marrti frå Odelsgut

14:40- Avrunding


Pris:

- Gratis for studentar (avgrensa med plassar)
- Fullpris: 2400 ,-
- 50% rabatt for målbedrifter i Næringshagen i Sogn. Ta kontakt med Karoline om du har spørsmål om korleis di bedrift blir målbedrift.
- Bedrift i Kunnskapsparken Vestland sin inkubator? Da dekker dei 50 % av prisen for deg. Ta kontakt med Hilde for spørsmål.

Tid & stad:
Tysdag, 3. oktober 2023 kl 12:15 - 15:00
Stadionbygget 2 etg. , Campus Sogndal - Rom STA0202 Vegbeskrivelse her

Tidligere arrangement: 28. september
AFTERWORK CAMPUS SOGNDAL
Senere arrangement: 4. oktober
Lunsj med påfyll: Arkitektkontoret 4B