Korleis kan vi saman bli betre på å rekruttere både studentar og arbeidstakarar til regionen? HR-Nettverk Sogn inviterer til ei samling der vi set søkelys på konkrete erfaringar, gode eksempel og nye moglegheiter for rekruttering.
Gjennom dagen får du høyre korleis Sogn Næring nyttar Sognacamp som ein arena for å kople studentar og næringsliv og korleis Framtidsfylke jobbar med si trainee ordning i Vestland. Slit du med å få tak i folk med høgare utdanning? Då kan eit fiks ferdig traineeprogram vere ei nær risikofri løysing. Dette i tillegg til å gi 5,5 tips for å få stillingsannonsene til å fungere vil Framtidsfylket snakke om. Vi får og besøk av Stine Stangeland Bach, fagansvarleg for studentrekruttering og marknadsføring i HVL, som deler korleis høgskulen jobbar med å nå ut til framtidas arbeidstakarar.
Samlinga legg opp til diskusjon, deling av erfaringar og praktiske døme, slik at vi saman kan styrke rekrutteringsarbeidet i regionen. Vi avslutter med felles lunsj i kantina. Arrangement er gratis, men krever påmelding.
Program
09:00 – Kaffe og mingling
09:10 – Oppstart: Henrik frå Sogn Næring
09:15 – Sognacamp: Erfaringer og veien videre
09:45 – Pause
10:00 – Framtidsfylket
10:30 – Pause
10:45 – Stine Stangeland Bach (HVL): studentrekruttering i praksis
11:15 – Diskusjon: kva har vi lært i dag?
11:30 – Lunsj