Tilbake til alle arrangementer

Frukostmøte i Vik: berekraft

  • Blix Hotel 44 Sentrumsgata Vik i Sogn, Vestland, 6893 Norway (kart)

Velkommen til frukostprat på Blix hotel onsdag 17 september frå klokka 07:30! Start dagen med ein sosial hotellfrukost og få litt fagleg påfyll innan berekraft. Vi startar det faglege innhaldet 08:00. Påmelding nederst på sida.


Berekraft for å løyse samfunnsutfordringar?

Hans Jakob Walnum deltek på frukostmøtet og talar om temaet berekraft. Han representerer Vestlandsforsking, ein forskingsinstitusjon med fokus på samfunnsutvikling og berekraft. Hans Jakob skal fortelje oss om kvifor og korleis Vestlandsforsking jobbar med berekraft for å løyse samfunnsutfordringar? 

Effektiv energi og sirkulære møblar

Ingar Skjerven frå Linn Band AS vil fortelje korleis bedrifta jobbar med berekraft i praksis – frå å redusere straumforbruk gjennom enkle grep, til å utvikle møblar som tek i bruk resirkulerte material. Gjennom konkrete tiltak viser han korleis ein kan skape meir miljøvennlege løysingar både i drift og produktutvikling.

Frå ressursar på avvege til høgkvalitetsgarn

Gunn kom som beredskapsavløysar til sauefjøset i Nummedal under pandemien og vart slått av den høge kvaliteten på ulla i flokken. Ho såg eit potensiale for å bruke denne ressursen til noko meir. Med interesse for handverk og design kontakta ho Siri, som hadde bakgrunn frå ein handverksfamilie og solid kreativ kompetanse. Samarbeidet vart starten på Myrudl-eventyret, der dei vil nytte ressursar som elles havnar på avvege.

Grøn omstilling i små og mellomstore bedrifter

VI avsluttar med ei Innspelsrunde frå næringslivet. Her får alle frammøtte anledgning til å kome med innspel om kva som er viktig for at di bedrift skal lykkast i det grøne skiftet. Kva er utfordringar som hjelpemiddelapparatet og det offentlege kan løfte for å gjere det enklare for bedrifter i Vik å lukkast. Sigrid Skjærdal frå Song Næring vil leie oss gjennom denne korte økta.

Velkommen til ein hyggeleg frukostprat!

PÅMELDING

Forrige
Forrige
11. september

Nytilsett eller ny i Sogn? Bli kjent med næringslivet og spennande tilbud

Neste
Neste
19. september

Innovasjonsdagen 2025